Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
123 HJAA HO MOR
Den Dagen vart ho aaleine i Ser-Rome til Professor
Borchgrevinch; korkje Ingeborg eller Anna kom. Fanny
hadde ikkje godt av seg. Men naar ho fyrst var
inn-komi, so laut ho vera der eit Bil; det saag rart ut aa
gaa med det same att, totte ho; og Professoren var snild
og venleg som elles.
Han synte henne Bilsete og fortalde Sogur; daa ho
vilde gaa, bad han henne vente litegrand; so skulde
ho faa sjaa noko reint snodigt. Han kom fram med
noko som ei stor Dokke. Den Dokka hadde han upp
Magen paa; og saa tok han fram noko rart . . . uff,
kva er det? spurde Fanny. Det er ei Livmor det,
Gjenta mi, smilte Professoren.
Fanny vart eldende raud; no maatte ho gaa. Uff,
no maatte ho gaa. Men ho gjekk ikkje. Han lagde
Armen farslegt kringum Live hennar og tok til med
For-klaaringar. Det var jammerleg leidt. Ho vilde gaa; no
vilde ho gaa. Men ho gjekk ikkje. Ho høyrde det
meste av det han sagde. Av og til drog han henne
nærare inn aat seg: du maa sjaa, du maa sjaa! sagde
han. So tok han til aa nemne nokre uliklege Ting . . .
uff; ho reiv seg laus, Graaten stod henne i Halsen.
Eg maa heim; stunde ho og drog seg hastande mot
Døri; naa, skal du gaa? sagde Professoren med sitt
blide Maal. Ja-ja; adjø daa; velkomi att næste Gong;
og som sagt: kjem du heim til meg der eg bur, so
skal eg lære deg aa stoppe ut Fuglar. Du fær gaa
ut den Døri der; Samlingi er stengd den no. Adjø,
adjø, Barne mitt; velkomi att.
Hugvill og ør sette ho avstad. Ei sanselaus Rædsle
elte henne og dreiv henne; ho flaug og ho sprang;
paa Bakvegar kom ho upp i Parken; der seig ho ned
paa ein Benk; Graat og Magtløyse tok henne. Aa fy,
aa fy, for ei simpel Gjente ho var. Aldri meir torde
ho sjaa Folk i Augo. Aa; tenk um Grete visste . . .
og tenk um alle dei andre pene Gjentune visste . . .
og ho Mor, og Lea ... og tenk han som visste alt;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>