Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
124
HJAA HO MOR
aa, ho vart æveleg usæl. Aa fy, so simpelt. Aa fy,
aa fy . . . Det var ikkje han, ho hadde vori rædd,
det var ikkje han . . .; uff; ho var verre enn baade
Emilie og Karoline. Tenk; staa og høyre paa slikt
og . . . mest . . . tykkje Moro i det! Aa —; ein Gong
kom det vel for ein Dag, at ho var slik; aa fy; ho
kunde bite Tunga av seg; ho torde ikkje sjaa Folk i
Augo; aldri meir torde ho sjaa Folk i Augo; kor i
Verdi skulde ho no kunna koma heim til ho Mor. —
Heile Eftan laag ho heime i Sofaen og grét. Eg er
sjuk, eg er sjuk, bar ho seg. Kva er det som vantar
deg daa? spurde ho Mor. Eg hev vondt i Hovude,
sutra Fanny; eg er so skræmeleg rædd. — Er du rædd?
Kva er det no att? Uff, du er so rar, Barn; neimenn
um eg veit kva som vantar deg, eg. — Hu, eg er so
skræmeleg rædd, Mor. — Ja men kann du ikkje segja
meg kva det er daa? Ho Mor var mest leid. Aa—,
aa —, grét Fanny; aa, aa, Mor; eg er so fælande
rædd! — Er det noko tids? Hev det hendt deg noko?
— Nei, nei . . . nei, det hev ikkje hendt noko . . .
Uff, men du er vond paa meg, Mor. — Aa, er det
det att. — Uff, du er vond paa meg, Mor; alle vert
vonde paa meg; ingin vil vita av meg; ikkje du, og
ikkje Lea, og ikkje Grete og ikkje nokon ... — Sjaa
her, Barn; her er Nafta; drikk no, so fær du sova.
So. Ligg no ikkje og elt deg med slikt Tøv; ver snild
Gjente no, Krulltoppen; det er ingin som er vond paa
deg, skynar du vel!
Men Fanny gjekk og var underleg i fleire Dagar.
— Endeleg byrja Teatre att; Fanny melde seg til
Teneste paa Stundi.
Det var ingin Vanske; ho kunde halde seg for fast
Statist. Aa Gudskjelov, at ho hadde Teatre. Her var
Heimen for henne; her hadde ho si Von og si Trøyst.
Ingin Ting i Verdi skulde drive henne fraa Teatre.
Lagnaden sjølv hadde synt henne Vegen dit; og den
Vegen skulde ho fylgje. Berre ho kunde sleppe fram
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>