- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

125 HJAA HO MOR



ein Gong. All Møde og Naud vilde vera slutt, naar
ho berre kunde bli konfirmera.

Spelstyraren Josephson var urnaateleg snild; han
skrepte av henne og gav henne Rollar. Ho var Svein
i „Don Juan" og Smaagut i „Coriolan"; i det siste
Stykke hadde ho endaa eit Ord aa segja: naar eg blir
stor, so vil eg og slaast!

Ho livde paa Teatre som i eit Æventyr. Der var
straalande Ljos, straalande Klædningar, Musik, Moro,
Leven; Kunstnarane var som Folk skulde vera,
lettliva og lentuge, hugheile köss det gjekk; slik var ho
sjølv med, og slik vilde ho vera. Og so tenk, alle
desse rare Troppir og Gangar og myrke Rom; og
Maskinstelle med sine Gognir og Greidur; og
Samlings-rome, der Kongar og Dronningar og Draugar og
Skjelmar gjekk i full Bunad og rødde um, kvar dei skulde
eta til Kvelds . . . Der kom Hammer, som nett var
drepin, i Samtale med Mordaren sin, Klausen; Gundersen
og Reimers som var Fiendar inn-paa Tile, drakk eit
Glas i Lag; Fru Gundersen og Fru Juel sat og var
venlege, endaa dei paa Tile var aabruige paa kvarandre;
dei skulde baae tvo vera hugtekne i Gundersen. Men
den svenske Operasongaren Arlberg sveiv ikring med
Don-Juan-Augo sine og det svarte Munnskjegge og
rødde med Damune. Alle Smaagjentur var hugtekne i
Arlberg, men mest Emilie Lund; ho var ør av
Kjærleik til den byrge Songaren. Paa Tile dundra
Maskinistane og laga til Slott, Fangehus, Fjellknausar; so tok
Musiken til; so ringde det paa ei Klokke; Kongar,
Dronningar, Draugar og Skjelmar for kvar til sin Kant;
no galdt det; no gjekk Duken upp; stakkars deim som
hadde Lampefeber.

Naar Fanny ikkje hadde noko aa gjera paa Tile sat
ho i Statistlosjen. Paa Teatre maatte ho vera kor som
var. Men no tok Haustnætane til. Naar Stykke var
slutt og Gasen sløkt, var det fælt aa vita at ein budde
øvst paa Hægdehaugen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free