Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
HJAA HO MOR
William hadde lova at fylgje henne heim; men han
fekk ikkje Lov av Mor si til aa vera so seint ute. So
maatte Fanny hjelpe seg sjølv. I ville Vonløysa sette
ho av Stad gjenom Natti svart; upp alle dei audslege
Gatune; upp Parken, der Trei stod og skalv i
Lykte-ljose og feilte sitt Lauv; upp Uranienborgvegen, der
det tok til aa bli audslegt til Gagns; svartare og svartare
vart det, og lenger og lenger millom kvar Lykt;
sist-paa skimta ein berre ei Lykt her og ei der, einslegt
og fjernt, som Fyrtaarn i Natti. Fanny sprang og sprang;
Kaldsveiten rann ned-etter Kinni hennar i Dropar, og
Rædsla gjekk henne som Isingar gjenom Haarrøtane.
Vegen var endelaus og vart meir og meir hustrin; det
var Uraad aa vita kva ho ved næste Hyrna kunde
raake paa. Uranienborgskogen var ein Rædslestad; der
hadde Folk hengt seg; der øvdest Natteverk midt paa
Dagen ... So kom den lange Myri, der ho alltid
kjende seg som forfylgd; sistpaa var ho uppi dei
underlege Krokvegane i den vestlege Forstaden. Det var
ikkje Vegar. Tronge søylutte Stigar var det, som krøkte
seg fram millom vanstelte Hagar og sovande Hus; ho
hoppa fraa Dipill til Dipill; i kvar Krok myrkna det
fram Skuggar som kunde vera Folk . . . eller um det
kunde vera han med dei uppspilte Augo — uh! ikkje
tenkje paa det . . . Ho vann ikkje meir, men sprang
likevel; høyrde Stig, Mæle, langt burte Rop; det ringde
for Øyro; Hjarta hamra henne heilt upp i Halsen; ho
grét av Rædsle; raadde seg kje sjølv.
Endeleg var ho heime. No var det Troppi. Ho
gjekk ikkje lenger; ho snaava, kravla, kraup; Hagen
rundt um var full av Skuggar og Skapnadar, som leda
seg, kom, trivla etter Føtane hennar . . . Gud fri oss,
Unge, korleis er det du kjem? skjelte ho Mor; er du
fraa deg; — aa, det var velsigna aa høyre Mor skjelle.
Men næste Kvelden gjekk ho i Teatre paa nytt. —
— Ein Dag ut-yvi Jol fekk ho Mor eit Brev som
gjorde henne glad. Aa Gudskjelov, sukka ho; aa Gud-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>