- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

127 HJAA HO MOR



skjelov ... Aa Gudskjelov, Krulltoppen; tenk, no er
Syster di trulova. Nei er det kje rart, du?

Jaso . . . med ein fin Mann daa? spurde Fanny.
Ja daa, fin nok; og so hev han Pengar . . . Det er
ein gild Mann. Han er Byggmeistar og eig Bygardar
i Mengd; han liver berre av den Husleiga han tek inn;
tenk det, Fanny! Han eig Gardar baade her og der,
Byen rundt. Aa ja, Lea hev alltid vori ei vitug Gjente.
Aa Gudskjelov; aa Gudskjelov. No vert det betre,
skal du sjaa, — for oss med. Aa, eg tenkjer den
verste Tidi er yvi-stridd no, eg. Aa Gudskjelov;
Gudskjelov. Det var no ikkje for tidleg heller!"

Mor var reint kløkkt. Men Fanny kom i mangeslags
Tankar.

Uff; det sagde seg sjølv; so snart ein var konfirmera
kom alle desse Friarane . . .

XII.

Fanny gjekk for Presten; Teatre fekk det vera med
so lengi.

I dette halve Aare skulde ho berre tenkje paa Gud.
Grete, som og gjekk for Presten, vilde ikkje vera med
paa Heimekomedie dessmeir. Dette var no elles klent
av Grete. For det fyrste var det ho som hadde fengi
det Tiltake i Gang; og for det andre var Stykke no
mest inn-øvt. Og Fanny var stød paa at ho kunde gjort
det godt. Ho skulde vera Kammerpike; og alt paa
Prøvune hadde dei klappa til henne. Men so drog
Grete seg ifraa. Ho gjekk for Pastor Løchen i
Tre-foldighedskyrkja og hadde vorti gudeleg med same.
Elles bar ho Ovund til Fanny for den Kammerpika au.
Det var noko som Fanny hadde set lengi. So vart
alt til inkjes for Grete si Skuld; det var fælt klent
gjort av Grete Magnesen. —

— Fanny gjekk i Vestre Aker hjaa Kapellan Holck.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free