Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
128
HJAA HO MOR
Denne Holck var au ein gild Prest, endaa han ikkje
naame nær kom upp mot Pastor Løchen. Ikkje var
han so ven heller. Han var mest ljot. Andlite var
langt og liksom skeivt; Nasen tunn med ein liten Kuv;
Munnen smal og stur; Ham-Liten skomakarbleik; Augo
saag ut berre som eit Par Rivur under Brunine. Heile
Skapnaden var tunn, og Rørslune seinvorne og stive.
Han saag fælt sorgfull ut. Mæle hans var og sorgfullt; det
lyddest stilt og saart, liksom han tala i ei Sjukestogu.
Han smilte mest aldri. Men hende det at han smilte,
so vart han med ein Gong mest ven.
Han var glup til aa leggje ut Katekisma. Dei tie
Guds Bdd vart som nye for Fanny; ho hadde aldri
visst kva det laag i deim fyrr. Ho var fælt syndefull.
Uff, so mange framande Gudar ho hadde havt, og uff,
som ho hadde teki Guds Namn faafengjeleg; det gjekk
som ein Skamrode gjenom ho, at ho jamvel hadde
banna. Verst vart det i det fjorde Böde. Stille og
døyvde som Ordi hans fall vakte dei Samvite hennar
som ei aahaldsam Kviskring; ho vart som fastmana og
nøydd til aa granske seg sjølv; og gjenom den sjuklege
Sorg i Mæle hans kjende ho Guds Vreide yvi seg paa
ein serskild Maate. Aa, ho hadde vori eit leidt, stygt
Barn; Gud hjelpe henne, so ofte som ho hadde gjort
Mor si vond. Tungt tona for Øyro hennar Domsrøystine
fraa det gamle Testamente: det kunde ikkje gange
henne vel, og ho kunde ikkje liva lengi paa Jordi; den
som banna Far eller Mor skulde visseleg døy; den
som gjorde Mor si vond var bannstøytt av Herren.
Aa, um Gud vilde spara henne. Og lata henne faa
liva endaa eit Bli. Daa skulde det bli annarleis. Ho
skulde bli eit anna Menneskje. Berre snild vilde ho
vera mot Mor si. Ho gjekk heim brennande av gode
Tankar. Stakkars Mor; ho hadde havt det vondt.
Berre vondt hadde ho havt det. Berre Slit og Stræv;
berre Vesalldom og Møde. Og so fekk ho ikkje Glede
av sine eigne Born dessmeir. Ikkje Lea heller var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>