Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
129 HJAA HO MOR
som ho ho burde vera mot henne. Tenk, lata Mor si
Ilva i Armod, naar ho sjølv hadde vorti rik! Det var
laakt av Lea. Laakt var det; Mor hadde god Grunn
til aa vera misnøgd. Og so dette vonde med Tom.
Uff; det var liksom alt vondt skulde samstelle seg mot
ho Mor, stakkar. No hadde ho so smaatt teki til aa
gjera seg Vonir um Tom; det er ingi Ervingar til
Elmerud, hadde ho sagt; kven veit; Jomfru Aaberg er
glad i Guten; kann han no berre vera vitug og gjera
seg Nytte av det . . . — Og so med ein Gong gjeng
den Gutungen sta, eit halvt Aar etter han er framsloppin,
og rømer til Amerika med Budeigja til Jomfru Aaberg!
— Stakkars Mor. Uff; dersom Tom fekk vita kor ho
hadde harma seg og graati, han fekk aldri ein glad
Dag meir. Og det vilde vera som det høvde aat den
Ufjelga til Gutunge.
No tok det til aa bli dei Tidine for ho Mor, at ho
ikkje hadde andre enn Borni sine aa lite paa. Onkel
Solum var sjeldan aa sjaa; Onkel Nils med; ikkje hadde
dei stort aa hjelpe med heller no i desse laake Tidine;
berre Borni var det ho hadde att, og so skulde ho av
deim og berre hava Sutir og Sorgir. Nei, det maatte
bli annarleis. Det skulde bli annarleis. Ho Mor skulde
daa visst faa Giede av Krulltoppen. Berre Glede skulde
ho faa. Aldri meir skulde ho turve grine og skjelle.
Alt som var keidt og leidt vilde Fanny gjera for henne
utan Knurr. Alt som vart henne paalagt vilde ho gjera.
Og so snart ho vart rik, skulde ho Mor faa det godt
for heile Livetidi. Ho skulde ikkje turve sy ein Styng
meir. Eit naudfint Husvære skulde ho faa; og god
Mat; berre god Mat; og fine Klæde og gild Husbunad.
Daa vilde Gud like Krulltoppen au. Han vilde tilgjeva
henne at ho hadde vori leid; og lata det gaa henne
vel, og lata henne lengi liva paa Jordi.
Ho var still og blid daa ho kom heim den Dagen,
og gjekk eit Ærend i Byen utan Murring. Um Kvelden
daa dei hadde eti, kveikte ho Mor Lampa og sette seg
9 — Oarborg. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>