- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
131

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

131 HJAA HO MOR



veik burt ifraa. Slikt eit Menneskje miste si
Manns-høgd; vart som ein av dei forgjorde i Evangelie. Den
ureine Aand fekk Vald yvi ein slik Arming; og den
ureine Aand elte han yvi Lag. Han for um paa aude
Stadir og var fredlaus; han var tyngd som under ei
Trolldomsmagt; han kunde ikkje rive seg laus; knapt
nok Gud kunde berge han. Um han freista aa
um-vende seg, og um Gud hjelpte han og dreiv den ureine
Aand ut, han tok strakst til aa stunde etter Trældomen
sin att; og den ureine Aand kom tilbake og tok paa
nytt Lag Velde yvi han, og hadde sjau andre vonde
Aandir med seg, som var endaa meir ureine enn ho
sjølv; og det siste vart verre med dette Menneskje enn det
fyrste. Pastor Holck heldt paa og heldt paa. Det eine
Bibelorde tyngre enn det andre kom; dei øgjelege Ordi
dømde og fordømde; det myrkna av Guds Vreide som
av uppdragande Skyir; Mæle som tala vart stillt som
ei Aanderøyst. Alt vart stillt. Fanny høyrde for Øyro
sine susande Banking av sitt eigi Blod; Augo hadde
ho bora i Golve; det var ikkje Raad aa lyfte deim att;
dei vart haldne nede av ei Magt ho sjølv ikkje raadde;
med eitt kjendest det som ho var aaleine i Rome. Og
dette Aande-Mæle tala henne beint inn i Sjæli; for det
visste alt. Alt visste det. Det var Guds Auga som
las i Hjarta hennar no; aldri vilde ho vaage aa sjaa
upp meir. Ja, Venir, sagde Presten, hugsa dette og
gløym det ikkje: Gud er ein øydande Eld mot alt som
ureint er, og han læt seg ikkje spotte. Lat oss hugse
at Augo hans er som Eldslogar; dei som fer med
Ureinskap skal aldri sjaa Ljose i Rike hans. Lat oss beda
til Herren um Reinleik. Lat oss beda han um ein
ung, rein Hug. Kjenner du at den vonde Aand er
nær, so bed til han; han vil berge deg; han bergar
deg; tvil aldri paa det; dyrt er du kaupt til aa vera
Tempel for hans Ande. Det er sant at den ureine
Aand er sterk. Men ho er ikkje sterk naar me ikkje
gjev oss. Me kjenner fyriaat liksom Vengtaki hennar;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free