Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
132
HJAA HO MOR
daa skal me samle oss i Bøn til Gud, og so maa ho
vike. Lat oss alltid hugse det. Lat oss elske Reinleik
og hata Ureinskap. Det er eit gamalt Ord som segjer,
at naar Menneskja paa den ytste Dagen gjeng fram for
Domen, so vil i den sæle Flokken dei glime bjartast
og kvitast som hev haldi all Ureinskap langt ifraa seg;
kjære unge Venir, eg trur det Orde er sant. Eg bed
deg Gud! — ropa han, og Mæle hans vart haast som
av ned-døyvd Graat; — eg bed deg ... lat meg faa
sjaa att alle desse unge, dyrtforløyste paa din Dag
. . . reine og kvite! Amen.
Dei unge Gjentune sat upkava av Graat og bad med.
Aa heretter aldri, aldri meir, — aldri! aldri i Verdi. —
— Lea var ikkje fullfrisk um Dagen ; ho drogst med
Hovudverk og Hugløyse. Thorseng, Mannen hennar,
kom upp til ho Mor og sagde at han trudde det kunde
vera til Lette for henne, um ho fekk Fanny til seg;
— ho er so aaleine, Stakkar, sagde Thorseng. Vil
Lea ha Fanny til seg? spurde ho Mor noko stutt.
Eg . . . hev tenkt det, sagde Thorseng; med sine firti
Aar og den vesle gode Klokkarmagen sin var han mest
forøvin; du veit, Lea er . . . eit Grand rar i visse
Maatar; det er det at ho er so ung, ser du; men no
vilde eg gjerne freiste med dette, soframt ikkje du hev
noko imot det daa. Tak Fanny i Guds Namn, sagde
ho Mor; berre ikkje Lea viser henne heim att! Aa
nei, sagde Thorseng, eg tenkjer ho blir glad for dette
eg; ho hev vori so reint for mykje aaleine. — Ja ho er
rar, Lea; men det kann vel ikkje duge ufreista.
— Det var Meiningi at Fanny skulde koma
uventande for Lea; og det saag ut til at ho gjorde det au.
Hev du —; skal me taka Fanny i Huse? spurde ho.
Eg vonar du ikkje hev noko imot det, Lea? svara han;
— eg hev tenkt det kunde bli unelegare for deg; du
gjeng so aaleine her. Nei men kjære deg, Thorseng,
svara ho, eg er ikkje aaleine eg. Eg hev daa Selskap
nok eg. Eg hev det so godt som eg kann hava det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>