Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
133 HJAA HO MOR
Du maa endeleg ikkje gjera det for mi Skuld!
Thorseng raudna i sitt runde blide Andlit. Nei, nei, sagde
han; det veit eg nok, at eg aldri skal gjera noko for
di Skuld; men —. Ja no fær du gjera som du vil,
Lea! Eg hev teki Fanny hit, og her skal ho bli!
Han vart med ein Gong reint kvit; so braasnudde han
og gjekk; Døri slog han heller hardt att etter seg.
Lea gjekk att og fram paa Golve og saag raadlaus
ut; so gaadde ho Fanny. Jaso ... du skal vera her
du . . . det var svært snildt. Ho ringde etter Gjenta
og bad henne setja inn Kaffe. Du er ikkje svolti vel?
sagde ho til Fanny. Nei — jau, svara denne. — Er
du svolti? Hev du ikkje fengi Morgonsmat heime daa?
— Jau ... — Ja men . . . Ja—ja, Mally, tak inn
ei Brødskive og daa; ei, forstend du. So tok Lea til
aa gaa att og fram paa nytt, vridande paa Hendane.
Kaffien kom, og berre eit Stykke Mat. Fanny tok
Sess ved Borde framfyri Sofaen og gav seg til aa eta.
Lea sette seg i Sofaen beint imot henne.
Du veks hardt, du, sagde ho. — Ja, svara Fanny;
ho Mor segjer eg blir ei Kjempe. — Hm ... ét som ei
Kjempe og, kanskje? Lea smilte lite; Fanny beit
dugeleg av Braudskiva si. „Ja-ja; vi faar se" . . .
Lea sette seg til aa fortelja um Thorseng. Han var
so snild. Han var altfor snild; han kunde ikkje segja
nei; han var Mann for aa øydeleggje seg, naar han
trudde han kunde gjera . . . einkvar ... ei Glede.
Eg segjer deg dette, sagde Lea, so du ikkje skal finne
paa aa gaa og beda han um noko; er det eitkvart du
tykkjer du maa hava, so kjem du til meg, høyrer du.
— Ja. — Han kann hava nok med —. Du skynar
han maa ikkje . . . Han kunde snart tykkje me vart
brysame ... Eg hadde inkje, veit du; av meg hev
han berre havt Utgiftir; du skynar det kann snart bli
for mykje . . . Han er ikkje so rik som de trur. Og
her gjeng eg berre og er sjukleg; maa hava baade
Kokkegjente og Stogugjente; og no hev han funni paa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>