- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
134

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

134

HJAA HO MOR

dette med; det vert reint for mykje ... — Lea sat
og rødde med seg sjølv; Fanny var ferdug med
Kake-skiva. Ja-ja, heldt Lea fram; me fær sjaa. Du er
stor og sterk, ser eg; du er heilt-upp vaksi; du kann
gjera Nytte for deg ... so lærer du sjølv med. Og
ho Mor hev vel alt lært deg eitt og anna? — Aa, ja.
— Du kann vel sy? — Ja . . . noko. — Hev ho ikkje
lært deg det til Gagns daa? — Nei ... ho bryr seg
ikkje so mykje um at eg skal lære slikt. Eg gifter
meg vel ikkje upp-i slik Armod, segjer ho. — Gift—;
Lea spilte Augo upp; høyr paa Ungen! ... Ja men
det tykkjer eg er rart av Mor, heldt ho fram. Naa,
ja-ja; so kann det turvast at du lærer noko her daa.
Du kann taka til i Kjøken; der er alltid eitkvart aa
gjera; eg skal tala med Kokka um det; og so kann du
hjelpe Stogugjenta og med eitkvart; du er snild og
viljug vel? ja; — og so fær me sjaa etterkvart. Du hev
visst godt av aa koma ut, du; det er slett ikkje
godt for ei Gjente som du aa gaa jamt og samt heime
hjaa Mor si. —

— Fanny vart Tenestgjente. Ho vaska upp for Kokka
og sopa Golve for Stogugjenta; ho maatte endaa gaa
Ærend og bera Ved. Utanpaa Kvardagskjolen sin fekk
ho eit stivt, grovt Arbeidsforklæde. Hendar og Armar
vart raude og sprokne. No skulde Kadett Horn sjaa
henne! — Alt det ho hadde lært av det fjorde Bod turvte
ho til aa logne seg med no, um ho skulde halde ut.
Lea freista aa knipe for ho i Matvegen au. Men det
gjorde ikkje stort; ved Middagsborde hadde Fanny
Thorseng aa halde seg til, og aat seg daa mett til Gagns
beint for Nasen paa Syster si. Det var fælt til Moro;
aa, kor sint Lea var. Ét, Fanny! sagde Thorseng; ja
Takk! svara Fanny; ho tok for seg som ho var heime.
Hm! kremta Lea. Hm! svara Fanny og tok for seg
endaa meir. Det er rett, sagde Thorseng; deg kann
det bli Folk av! Lea rengde Augo til Fanny og saag
ut som ho vilde bite. Men til Thorseng kunde ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free