Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
135 HJAA HO MOR
inkje segja; og det var løglegt aa sjaa, kor ho maatte
eta Sinne i seg. Naar dei var ferduge, gjorde Fanny
eit djupt Kniks for Syster si: Takk for Maten, Lea! —
Aah. — Det var greidt at Lea gav vondt sidan um
Dagen; men det hadde ikkje stort paa seg. Det var
Kjæleord og Venskapstale mot naar ho Mor skjelte;
stakkars Lea, ho kunde ikkje brüka Munn.
I Huse vanka Kjenningane til Thorseng og
Kvinnfolki deira; det var keidt Folk. Ingi Kunstnarar, ingi
Kadettar, inkje noko fint; berre Kaupmennar og
Murmeistrar og slikt noko. Det var i heile Flokken berre
tvo som Fanny gav Gaum paa; den eine var fælt leid;
den andre umaateleg søt. Den søte var Systkenbarn
til Thorseng og heitte Kristian; den leide heitte Ryen
og var Tollar.
Ja Ryen var leid. Han gjekk her jamt og; dei hev
visst ikkje svært mykje aa gjera der ned paa Tollbui?
meinte Fanny nasevist. Naa; Fanny skynar seg alt
paa Statens Sakir? lo Tollaren smiskande; han skulde
liksom vera so overlag galant. Pøh, Statens Sakir,
blés Fanny. Slik ein som han der skulde kanskje
hava noko med Statens Sakir aa gjera? aa nei; so
taapi var ho ikkje. Han forstod seg visst ikkje paa
anna enn Mat, han. I Kjøken gjekk han og blanda seg
upp i alt; vilde vita betre Greide enn baade Kokka
og Lea, og stakk den lange Nasen sin upp-i alle Koppar
og Kjerald. Ved Borde var han ufjelg; ish! aa sjaa
han sitja og smatte og smaske yvi eit godt Matfat, uff!
Og so naar han rødde um Mat; alltid rødde han um
Mat; der og der var det god Mat; der og der var det
ikkje god Mat; den og den Matretten var god; den og
den Retten lite god; paa Viktoria aat ein best; mnam,
mnam, ein Ragout paa Viktoria, mnam, mnam . . .
Tennane hans vasshagla; han sat mest og sikla; ish! uh!
Han var stygg. Lang og mager som ein Dauding,
og fleinskallut og blank; det var rart at han berre
skulde vera eit Aar eldre end Thorseng. Og so hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>