Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
137 HJAA HO MOR
Goddag; er dei heime? spurde han paa sin
faa-mælte Maate og gjekk inn. Ho stod der med glinsande
Augo og heite Vangar; ho kunde mest ikkje faa Mæle
upp; ver so god, kviskra ho; — aa Gud; tru han hadde
set henne?
Um Sundagen kom han til Middag; daa hadde Fanny
den beste Kjolen sin og freista aa stikke seg fram.
Ho stod han til Møtes so hugstelande ho visste, med
Føtane ihop, med Armane upp-under Bringa, paa den
søtaste Dame Vis; dei store runde Augo blinka bønlegt
og klokt upp til han; og i sine Andlitsdrag lagde ho
Ynde og Vit; Goddag, nikka han; — du store Gud;
tru han i Grunnen hadde set henne? —
Jau; no elska ho. Alt det andre hadde vori
Barnetull. William Holter, Krambusveinen, Songaren
Arl-berg, Kadett Horn, Gud-veit-kvenhelst, — alle ihop
bleikna dei burt or Hugen hennar som Stjernur um
Morgonen. For no var Soli uppe; Soli sjølv. No elska
ho Kristian Thorseng.
Aa; so var det daa so laga likevel, at ho skulde bli
ulykkeleg. Ja det hadde ho alltid visst. Det var greidt
at den rike Kristian Thorseng ikkje gjekk av og tok
ei fatig Gjente, som gjekk fillut og fæl i ein Kjøk og
vaska upp . . . endaa kven veit; slikt hadde hendt;
Kristian var ædel; dei djupe Augo hans saag djupt . . .
um ingin av dei andre vilde taka ein Skatt som var
gøymd under Fillur, so gjorde nok han det. Ja daa
vart det noko anna enn aa gaa her og vera Tenestgjente;
han tok henne heim og klædde henne upp i Silke og Gull;
og daa synte det seg, at ho var den venaste Gjenta i
Verdi; mykje venare enn Lea; tilmed Føtane hennar
var vene naar ho fekk skikkelege Silkeskor — klask!
pladask! — — der laag ein av Tekoppane til Lea i
Golve att. Uff! nei; aldri i Verdi heldt ho dette Ut»
aldri i Verdi. —
— Med ein Gong var Sogo ute; Kristian Thorseng
hadde trulova seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>