- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
138

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138

HJAA HO MOR

Fanny freista aa halde seg med Mod. Pytt; ho fekk
alltid den som var like so gild som Kristian. Ikkje
vilde ho gifte seg heller, for den Skuld. Kunsten
skulde vera Brudgomen hennar. Um han hadde komi
og fritt til henne, so vilde ho ikkje havt han dessmeir.
Men det hjelpte ikkje. Ho kunde ikkje faa Fred. Det
var slik ei Sliting og Suging for Bringa. Det einaste
ho tenkte paa var han; ho kunde ikkje lata vera aa
tenkje paa han; men det var so vondt aa tenkje paa
han no; som Verk og Brand kjendest det. Stundom
gøymde ho seg burt og grét. Det hjelpte, men berre
for ei lita Stund. Aa Gud, kvar skulde ho gjera av
seg. Uff; var det soleis aa vera ulykkeleg, so var
det ikkje det Slag gildt.

Aa, kor Rett han hadde, Presten Holck: at denne
Verdi var berre Svik og Faafengd. Tenk; ho hadde
ikkje skyna det fyrr. Alt det me sette Hugen til her,
det var ikkje det Grande aa lite paa. Verdi var ein
Taaredal, som Presten Holck sagde. Det var alt ihop
som ein glimande Skal med inginting i, paa Lag som
Sodomseple. Jamvel det som ein bygde mest paa brast
som ei Saapeblaase. Aa Gud, som han hadde Rett.
Heretter vilde ho segja Verdi fraa seg reint. Berre
Gud vilde ho tenkje paa. Han var den einaste; den
einaste som ikkje svikta.

Ho fylgde Presten Holcks Raad og freista med Bøn.
Det hjelpte. Tenk kor hyggjelegt Kapellan Holck maatte
hava det upp-i det vesle kvite Huse med Tréi kring,
like ved Kyrkja. Tenk so fredeleg og vent; utanfor
Verdi og Staake; aaleine med Gud og Biomane sine.
Undrast kor det kunde hava seg at han ikkje var gift?
Kanskje den han heldt av hadde narra han? Stakkars
Holck; stakkars Holck. Det var kannhende det som
gjorde at han var so sutefull og; ja det var det, kunde
ein vita. Men det var ingi Sak for honom som var
slik ein sann kristin; Fanny vilde og bli sodan ein
sann kristin som han var. Det vart ikkje lett, det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free