Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
144
HJAA HO MOR
skilt noko Bruk for ho no nettupp; og det var vel
Meiningi at ho vilde freiste aa fortena noko for seg
sjølv. Ja; tena noko for meg sjølv, nikka Fanny. Og
det var svært vitugt. Thorseng totte au det var vltugt.
Han vilde sjølv høyre etter um Plass til henne; og
det maatte vel laga seg, meinte han. Ja so dugleg
som Fanny er, spotta ho Mor. Ja naar Mori er flink,
plar Døtrane og vera flinke, meinte Thorseng truskyldigt.
Fanny fekk ikkje nokon Plass den Dagen. Ikkje
næste Dagen heller. Men ho heldt ved. Kvar Morgon
i Graalysningi stod ho saman med Tenestgjentur,
Gardsgutar, Studentar og altslag ved Uppslagstavla til
,,In-telligentssetlerne" og „Morgenposten" og las og skreiv
upp; so flaug ho Byen rundt, fraa Oslo til Homansbyen,
fraa Sankt-Hanshaugen til Bryggjune; att og fram;
Troppir upp og Troppir ned; vart mynstra med
mis-trugne Augo og utspurd med mistrugne Mæle, og
burt-vist med likesæle, ynksame Smil: trur ikkje det er
noko for Dykk dette, Jomfru . . . Kom endeleg heim
ut mot Kvelden, daudtrøytt, ihelsvolti, med Graaten i
Halsen; fekk Spitord av ho Mor, so ho ikkje kunde
eta; gøymde seg i Sofaen og grét og bad; aa, i Morgo,
i Morgo; aa Herre Gud for Jesu Skuld, i Morgo . . .
Paa Ferdine sine raaka ho Grete og andre Venir
fraa seinare Tid; Gud, som dei var gilde og vaksne.
Aa, for Haarsetningar; ho med si Haarsetning maatte
ha set ynkeleg ut paa Konfirmasjonsdagen. Og so
Kjolane deira, og Stasen; dei hadde fengi so mykje
Gullstas til Konfirmasjonen, dei: Klokkur, Naalir, Ringar,
alt, som var flust og gildt. Naar Fanny skulde rekne
upp det ho hadde fengi, vart det reint armodslegt. Enn
Gullsakine daa? vart det spurt. Ho stota: eg ... eg
fekk ikkje anna enn —; Thorseng hadde meint at det
var best eg fekk det i Pengar; og so fekk eg ei
Sparebankbok. — Aa ja. Kor mykje var det i den? —
Eg . . . neimenn um eg rett hugsar det. Eg fekk
ikkje Boki sjølv; Thorseng hev ho i Forvaring; eg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>