- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
145

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

145 HJAA HO MOR



berre høyrde dei rødde um det . . . — Med Grete
gjorde ho eit leidt Mistak. Ho kjende paa Tye i Kjolen
hennar og sagde: tenk hadde du og Ullkjole? Grete
spilte Augo upp: trur du eg gjeng i Konfirmasjonskjolen
min her paa Gata, du daa? — Nei, nei; du kann vita
det var berre noko Snakk; eg stod i andre Tankar . . .
— Fanny rømde, brennande skjemd. Same Dagen
fekk ho høyre, at Kapellan Holck i Vestre Aker hadde
trulova seg. —

— Daa Sundagen kom, laut ho til Alters, endaa ho
kjende seg lite fyribudd. Ho kunde ikkje tenkje paa
anna enn denne Trulovingi; det kjendest mest som det der
og skulde ha stengt seg ei Dør. Ved Middagsborde
hjaa Lea gaadde ho, at Tollaren gjorde serskilt Krus
for ho Mor; naa; tenk um dei tvo kunde koma til
Lags! det vilde vera framifraa. Ho Mor var god til aa
laga Mat, og han var god til aa eta; og so kunde ho
Mor koma ut av Armodi og faa det rolegt og godt; og
Fanny kunde sleppe aa søkje Plass, og gaa til Fru
Gundersen og lesa Teaterstykke med same. Tenk, um
Vaarherre vilde laga det so vel for deim!

Jau; det kunde ikkje vera Tvil: Tollaren gjekk paa
Friarføtar. Han var hyggjeleg mot Fanny au, som
rime-legt var; vilde han bli Far hennar, kunde han sagte
ikkje sleppe fraa det med mindre. Og ho skulde misann
telja godt for han og, endaa ho ikkje lika han. Stakkars
Mor; det kunde vera paa Tidi no, at ho fekk det lite
rolegt. Det var svært so rukkut som ho vart i seinare
Tid; det var nok ikkje for inginting lel, at ho tala so
mykje um Alderen sin.

— Kvardagsdagane kom att; Fanny laut ut og
søkje Postar paa nytt Lag.

Det var vonlaust. ^Huslærar kunde ho ikkje bli, daa
ho ikkje kunde framande Maal og Musik; skulde ein
bli Telegrafist, so maatte ein au ha lært ei heil Mengd;
og alle andre Postar var det ei Rift um, so det var
skræmelegt. Til Nytte og Hyggje i Huse vilde Fruine

10 — Garborg. 11.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free