- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
146

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

146

HJAA HO MOR

dessutan ikkje hava henne, av di ho var so ung; Gud
veit no elles kva det skulde gjera. So var det ikkje
anna aa tenkje paa enn Krambupostar. Uff; so snart
ein kom attum ein Disk, so miste ein Frøken-Namne
og vart Jomfru; men det fekk vera det same; Fanny
søkte Krambupostar likevel. Men her og var ho for
ung. Eit Par Stadir kunde ho faa vera, um ho vilde
gaa forutan Løn eit halvt Aar eller so; men det var
nettupp det, Fanny no for Tidi ikkje kunde.

Ho gjekk endaa lenger ned; søkte liketil
Barnegjente-Teneste; det fekk vera det same med alt, berre ho
fekk so vidt at ho ikkje turvte liggje nokon til Tyngsle.
Men det var ingin som torde tiltru henne aa passe
Born heller. Dag etter Dag gjekk; Utsynine stengde
seg meir og meir; Hugen veikna og Mode seig; heile
Dagar laag ho heime i Sofaen og grét og var hugsprengd.
Ho totte ho var uppgjevi av Gud og Mann; ingin hadde
Bruk for henne; ingin vilde vita av henne. Kva skulde
ho gjera; kva skulde ho finne paa. Kvi var ho komi
til Verdi, tru, naar der ikkje var Rom aat henne?

Berre ein var det som hugsa henne endaa; det var
William. Mor kom ein Dag utpaa Morgonen inn fraa
Kjøken med eit opi Brev: sjaa her, Fanny; kjenner du
noko til dette? — Fanny saag paa Breve og vart raud.
„Kjære Fanny . . . Om du har glemt mig, saa har
ikke jeg glemt dig . . . Mød mig ved Trefoldighedskirken
i Aften Klokken halv otte. Din William" ... —. Kva det
var for noko? spurde ho Mor kvast. Inkjenoko, sagde
Fanny. Er det inkjenoko? Det er ikkje likt til dess? —
Det er berre noko Narreskap fraa Skulen, svara Fanny.
Ja so, sagde ho Mor; men slikt Narreskap skal me ikkje
hava noko av no, forstend du. é Heretter les eg alle
Brev som kjem til deg; og denne Gutungen her . . .
ja han skal raake den i Kveld som kann gjeva han
Svar; det lovar eg han! — Aa nei, Mor; kann ikkje
det vera; han meiner visst ikkje noko vondt med det.
— Bed du for han og? Det er nok best eg held

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free