- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
149

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

149 HJAA HO MOR



aa se paa dette her; det er noksaa billigt?" „En
Præsang til en Herre; hvad mener Frøkenen om noe
saant som et fin-fint Sigar-Münnstykke?" Uff. Den
som hadde dei Dalane, slik ei Dame brüka berre til
Jolemoro; eller den som aatte i Pengar det ho har
paa seg av Ty! — Men me fekk sjaa. Ein Gong
kunde det bli dei, som saag med Ovund paa hennar
Bunad . . . Orsaka, Frøken, Klokkekjedur? Strakst,
strakst ... — Versgod, Frøken, kom ei av dei eldre
stikkande; her hev me eit pent Utval av Klokkekjedur;
— De maa orsaka; ho der er litt ny; — kanskje noko
av det Slage vil høve?–Jaale! —

— Aa gjev det kunde bli til noko med ho Mor og
Tollaren; det saag misann ut til noko av kvart. Kvar
Sundag sat dei tvo gamle saman yvi Kaffikoppen og
prata so hyggjeleg at det var ein Hugnad; og ho Mor
gjekk heile Vika sidan og lét vel um Tollaren. Det
kunde vera eit Gifte det! sagde ho; lognt og trygt sit
han i det, med fast Løn og alt; vert han gamall, so
fær han Pensjon; og døyr han, so fær Enkja av
Enkje-kassa. Heimkjær og hyggjeleg er han, og nett i den
Alderen daa dei plar bli gode Ægtemennar. Slaa til,
Mor! meinte Fanny. — Eg? du skjemtar, du . . . Nei;
men var eg ung so! — Pytt; kva gjer det, naar han
tykkjer du er ung nok? Eg tykkjer de tvo maatte
høve skilleg godt ihop, eg! — Ho Mor vart heller
aalvorsam. Du snakkar som eit Barn, Fanny, sagde
ho; no fær du snart hugse paa at du er vaksi; det
duger nok ikkje aa taka Verdi berre med Skjemt!

I Joli heldt Tollaren Lag for ho Mor; Fanny var og
med, som sjølvsagt maatte vera. Og god Vert var
Tollaren; det fekk ein vedgaa. Dei aat Gaasesteik og
drakk Vin; etterpaa kosta han Køyretur til Tyskestrandi;
um Kvelden fekk dei gaa i Teatre. Gaasesteik,
Køyretur, Teater; det var plent dei tri gildaste Ting paa
denne Jord. Hadde berre ikkje Tollaren vori med, so
hadde Fanny vori fullglad. Men heile Tidi var Tollaren

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free