Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
150
HJAA HO MOR
der. Heile Tidi gjekk han og bukka med den blanke
Skallen sin og smilte med sin matfeite Smil; og di
meir han gjorde seg til, di uliklegare vart han.
Men ho Mor var umaateleg gild av han, daa dei
kom heim. So hyggjeleg, so flus; slik ein Kavaller;
og tenk for eit Gifte! Ja der kann du koma godt i
Veg, Mor, meinte Fanny. Ho Mor saag paa henne.
Hadde eg din Alder, sagde ho, so skulde eg nok ikkje
vera i Tvil! — Pytt, Alder . . . Var eg som du, skulde eg
ikkje bry meg det Grand um det. Elles, lagde ho til med
ein litin Laatt, — elles ser han no ut som Dauden i
Ly-bekk! Fy, du skulde skjemmast, Fanny, skjelte ho Mor.
Næste Kvelden kom Fanny heim fraa Krambui
daudsvolti og ovtrøytt; det var ikkje til aa herde, sagde
ho; Gudskjelov at det snart var Nyaar. Det verste er,
sagde ho Mor, at eg ikkje hev noko skikkeleg Mat aat
deg heller; du skulde ha Gaasesteik og Vin du, naar
du hadde træla so; men naar ein er fatig, ser du . . .
Stakkars Krulltoppen min, du hev nok löti gaa svolti
aat Sengi so mangein Gong. Det syner paa deg og.
Fekk du det skikkeleg og godt, so vart du reint fager
du; men no gjeng du her og skranglar og ser ut som
eit Fatigmannsbarn; blaa um Nebben er du; og Ringar
hev du um Augo; det er so det reint skjer i meg aa
sjaa. Ikkje er du skapt til aa staa attmed ein Disk og
vera Allemanns Tenar heller; og noko anna vert det
kje for deg, so lite som du hev lært. Men no, Barne
mitt, no kann du bli fri all denne Vesalldomen. — Eg?
— Ja; du ja. Du kann faa det som ei Prinsesse, kann
du, og det kva Dag du vil. Og so hjelper du Mor
di ut or Armodi med same. No vonar eg du hugsar
det du hev lova meg, Barne mitt ... og so kann det
bli andre som maa staa ved Disken og vera Tenarar
for deg heretter! Versogod, Krulltoppen. Les det Breve
. . . og so vonar eg, at du er vitug!
Det var Friarbrev. Dauden i Lybekk søkte i
prydelege Ordlag um Frøken Holmsens Hand.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>