- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

151 HJAA HO MOR



Fanny storlo. Men kjære deg, Mor, det er deg, han
hev gjort Krus for! Tak han du, tak han du;
ha-ha-ha ; eg skal visst ikkje staa deg i Vegen!

Ho Mor tvinga seg. Ho tok til med Fyriteljingar
for Fanny, og ho slutta med Bønir. Hugsar du kor
mange Gongir du hev lova aa vera snild mot Mor di
du, Krulltoppen min? sagde ho. Hugsar du daa du
var liti, og lova Mor ein stor, gild Ruggestol, slik som
den Bestemor Lehmann hadde ... og so skulde eg
ikkje turve sy; eg skulde berre sitja og rugge meg all
Dagen og drikke Kaffi og eta Kveitebrød; hugsar du
det? Aa, eg veit du vil vera snild mot Mor di
du, Krulltoppen; det er ikkje Iengi sidan du lova det
heller, veit du; og daa sagde eg: ja, eg veit, at eg
fær meir Glede av deg enn av dei andre; hugsar du
det? Og so veit du kva du lova Presten . . . at du
skulde vera lydig mot Gud; og Gud, veit du, vil at
du skal vera lydig mot Mor di . . . Han vil ikkje du
skal liggje til Tyngsle for ei fatig Mor, naar du kann
gjera det godt for henne i hennar Alderdom; eg hev
sliti vondt nok eg, kann du tru. Og det var for di
Skuld det, Krulltoppen ; mest for di Skuld; for at du
skulde faa vera hjaa ho Mor og ikkje turve flakke um hjaa
Framande; aa, eg hadde aldri herdt det elles; aldri i
Verdi hadde eg herdt det; du veit ikkje kva eg hev
. . . kva eg hev havt aa staa i for di Skuld; og no
er det berre deg eg hev aa lite paa og. Berre deg.
Lea, ho er no paa si Vis, veit du; og den andre, han
. . . Du bryr deg ikkje stort um Ryen kanskje; men
eg skal segja deg at det gjeng best daa. Dei som er
altfor slie etter kvarandre fraa fyrstunde, deim gjeng
det mest alltid gali med; sjaa koss det gjekk meg . . .
Skulde ein gaa etter Kjærleiken, so maatte ein gifte
seg paa Aaremaal daa; Kjærleik er udrjug Vare. Det
fekk eg finne, du ... og mange med meg hev fengi
finne det. Tenk kor godt det vilde vera aa bli
skipeleg og skikkeleg forsyrgd no med same. Du hev alt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free