Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
152
HJAA HO MOR
Freista noko av kva Verdi gjev for slik ei fatig ung
Gjente; og eg hev meir enn ein Gong tenkt paa kor
det skulde gaa; du veit kor ofte det gjeng gali med
slike som ikkje hev noko Forsvar; du maa sandeleg
ikkje læ og taka det lett, Fanny; det er aalvorsamare
enn du trur!
Men Fanny hadde vorti kvat. Det var nok aalvorsamt
au, men . . . Tollar Ryen og ho! Ha-ha-ha; kjære deg
Mor, kva skulde Tollaren med ei Kone som ikkje kann
koke so mykje som ein Rett Torsk! lo ho.
Sistpaa vakna Mori for Aalvor.
Ho vart raud heilt upp i Haarrøtane. Augo gneistra;
Mæle vart kvast og raatt. Det ho fyrr hadde sagt kom
att, men styggare. Trudde Fanny at ho var ei
Prinsesse kanskje? Hugsa ho, at ho ikkje aatte dei Klædi
ho gjekk med? Kva Tid tenkte ho med sin Dugleik
aa koma so langt, at ho kunde halde Fillune og Lorten
av seg sjølv? Ho litte paa Mor si; ja det var greidt;
ho Mor skulde slite; ho Mor skulde sitja og sy seg
Augo ut or Hausen; ho Mor skulde lappe Sokkane
hennar og vaske Tye hennar; jaudaa; ho Mor var god
nok; berre liggje og slite paa henne so lengi ho hekk
ihop; ja, me visste det; ho Mor hadde aldri vori til
anna enn til aa slite paa, ho, og so meinte dei at det
skulde so vera. Frøkni vilde kanskje ikkje gifte seg,
fyrr ho fekk ein Prins? Ho trudde vel heile Verdi
stod og venta paa henne? Jøss! slikt eit gildt Gifte
som ho var? Og so skulde ho Mor træle, til dess
Frøkni fann seg eit Pannekake-Andlit slikt som ho
vilde ha det? Det var det same, um Mor sleit seg
ihel, berre Frøkni kunde faa fat paa ein Fyr med eit
godt Kyssety ....
Fanny kraup til Slutt i Seng. Der gøymde ho seg
under den gamle Dyna og grét til ho somna.
Næste Morgonen fekk ho ikkje Kaffi. Du fær ta’
det som du vil ha’ det, meinte Mor.
Daa ho kom heim til Middags fekk ho ei Skaal med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>