Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
153 HJAA HO MOR
Graut. Det er tomt Hus her, sagde ho Mor; men du
hev vel Forsyning sjølv du?
Morgonen etter fekk ho Brød utan Smør; du fær
laga Munnen etter Skreppa, sagde ho Mor. Fanny reiste
seg og gjekk ; Graaten vilde taka Magti. Men ho laut
tvinge seg for Krambui Skuld; ho kunde ikkje koma
dit med raudgraatne Augo. Utpaa Fyrimiddagen var
det som ho skulde uvita av Svolt; ho bad seg fri for
ein Times Tid og sjaka upp i Ullevollsvegen til Lea.
Her bad ho um Mat. Eg veit ikkje koss det er laga,
sagde ho; men eg vart so braasvolti og rar. Lea saag
paa henne; syntest vilja segja noko, men let det vera;
gav so Bod i Kjøken etter eit Glas Mjølk og tri
Brød-skivur. Fanny reiv i seg Maten djerv som eit Dyr,
og saag seg ikring som etter meir . . . Naa, sagde Lea;
eg høyrer at du kjem deg? — Kjem meg? spurde
Fanny. Ja; er det ikkje so at du kann bli hjelpt og
berga for Llvetidi, men tykkjer du hev Raad til aa vise
Tilbode fraa deg? Eller kannhende det er Folke ditt,
du liter paa? — Fanny reis upp og gjekk. Takk for
Maten, Lea, sagde ho i Døri med strøypt Mæle.
Ho heldt ut i Krambui dei Dagane ho hadde att.
Ho vilde ha sine seks Dalar usprette. So kunde ho
Mor faa deim. Ho gjekk i Bui og hekk, svolti og leid;
Hosten vart verre og verre; ho hadde Feber-Isingar
og Hovudverk; dei gnaala og skjelte, men ho brydde
seg ikkje meir um det. Ho vilde ikkje vera her kor
som var. Ho vilde gjeva etter. I Kveld, naar ho
kom heim, vilde ho beda Mor si skrive til Tollaren;
det kunde ikkje bli verre enn det var. Ish; han var
nok ulidande. Men ho fekk det vel alltid betre hjaa
honom enn ho hadde det hjaa ho Mor.
Daa ho kom heim um Kvelden, hadde ho ikkje Mod
til aa segja det ho tenkte. Ikkje Magt heller. Ho sat
og seig ihop i Sofaen og fraus; ho var berre sjuk; alt
var henne like godt og like gali. Hadde ho Mor spurt
henne, so hadde ho visst sagt ja. Men Gudskjelov; ho
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>