- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
158

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

HJAA HO MOR

Meistarsveinen hadde ein Gong fari ikring med eit
dansk Sködespilar-Lag; sidan var han halv Komediant
og sprakk mest av Vers og Hermestev. Vrengjur dreiv
han helst med. Han song Tragedievers av Øhlenschläger
til Tonar av Offenbach —:

„Saa est du nu da skrinlagt, Hakon Jarl,
fallira;

du varst en nordisk og en sjelden Helt,
fallira!"

og hadde Moro av aa gjera dei fagraste Vers um til
Vas; som han for aat med Andersens „Døende Barn",
det var til aa graate av:

„Rødt og grønt og gult for Øiet svæver;

det er Sedler, Norges Bank udstrør;

Moder, faar jeg Penger mens du lever,

eller, Moder, faar jeg, naar du dør?"

Men ein kunde ikkje bli sint paa han kor mykje han
tøvde; for han var so lettliva.

Stundom fekk Fanny Jomfru Vold med seg paa Gata
ved Midnattsbil; Portlykill laante ho av Sveinane. Dei
tvo Gjentune dreiv upp og ned millom Storthinge og
Universitete; drøste og lo og var uppsette paa
Gape-stykkje; Fanny var Fyrigangsmann. Ho narra desse
toskute Fyrane til aa snakke til seg; svara deim
nasevist, vyrdlaust, løglegt; letst som ho vilde gaa med
deim og heldt deim so for Narr; ein Gong vaaga dei
seg paa Gata i Guteklæde og letst vera Karar. „Pst!
pst!" — Det drygde ikkje lengi fyrr dei fekk fat paa
eit Par Gjentur; deim gav dei seg hugheilt i Lag med.
Det gjekk herlegt. Men sistpaa vart det lite leidt.
Den Gjenta Fanny hadde fengi fat paa vilde endeleg
hava Fyren sin med seg; ho kjende han; „var det
kanskje ikke dej je var sammen med paa Fredriksberg
den Gangen? — Fanten; vil du gaa fra det nu? Nei
vet du hva du; je kjenner dej nok"; ho slo Armane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free