- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
159

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

159 HJAA HO MOR



kring Halsen hans og vilde kysse’n. „Det er det
samre om du ikke har Penger," kviskra ho, „du, som
er so pen!" Fanny vart reint forstøkt; ho sleit seg
ifraa henne og rømde. Jomfru Vold kom springande
etter; skjelvande og med tilgjord Knising snikte dei
seg upp Troppi; dei vaaga seg ikkje ut paa den Haalka
oftare. —

— I Kakebui kom det mest Damur. Fanny gjekk
og lydde med lange Øyro; kannhende kunde ein her
lære fin Konversasjon. Men det var ikkje stort ho
kunde høyre. Det vart halvkriskra um „han" og
stundom „hun"; eldre Damur tala um Pastor Løchen;
Fruine rødde med kvarandre um Prisar, Kjolety,
Tenest-gjentur; det var som hjaa Thorseng paa Lag, naar der
var Gilde. Kjenningar saag Fanny stundom; ho ynskte
seg i Jordi, men laut varte deim upp likevel. „Takk,
Jomfru; faar vi litt Melk; og saa kanske —. Nei men
kjære ... det er da vel ikke Fanny?"

Dei fleste vart ulidande og tok til aa smaaminke
seg; berre sume var som fyrr. Grete Magnesen vart
heller brydd, daa ho saag at ho kjende Bakarjomfrui.
Men ho kom seg, daa ho fekk nærare Greide. Eg
skulde somenn og gjerne vera Bakarjomfru ei Tid,
sagde ho; so fekk eg Høve til aa sjaa Live! —Ja det
er mykje for det, at eg og er her, sagde Fanny; du
kann skyna . . . naar ein skal bli Kunstnar, so maa
ein ha set noko av kvart. — Ja du kann daa skyna
det. Elles hev eg gjevi upp Teatre, eg; men ein
Forfattar bør og kjenne til Live. — Kva? — Forf. . .
Vil du bli —? Fanny kunde ikkje ha høyrt rett. —
Jau; eg tenkjer paa det. Og med Tidi . . . litegrand
Dikting kanskje! — Jaso! Fanny var mest forstøkt.
Kunde eit vanlegt Menneskje tenkje so høgt?

Ein Dag kom Fru Kahrs inn paa Kakebui; ho
hadde og vorti Kristianiamenneskje. Fanny vart
underleg glad og kløkkt. Men stakkars Fru Kahrs, som ho
hadde vorti gamall. Haare hennar var reint graatt,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free