- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
160

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

160

HJAA HO MOR

og det lange, fine Andlite magert og sjuklegt. Høyr,
Gjenta mi, sagde ho — aa, kor Fanny kjende att dette
stille Mæle! —; det var eit Glas Mjølk og eit Par
Kveitebrød, Fru Kahrs bad um. Vyrdsamt og med
raudnande Kinn sette Fanny fram det som kravt var;
ho hadde valt ut dei finaste Stykki ho kunde finne.
Fru Kahrs saag paa henne: nei men kjære ... det
er daa vel ikkje Fanny? — Jau, Frue; tenk, at De
kunde kjenne meg att. — Nei, nei, nei; er det Fanny.
Nei! er det Fanny, som hev vorti so stor. Krulltoppen
— ja? var det ikkje so, me kalla deg? Nei, nei, nei.
Ja det var i dei Dagane, det. Nei men tenk, at du
hev vorti so stor. Og du hev det godt? Ja, eg kann
sjaa det. Nei men kor hev du havt det daa, Gjenta
mi? Korleis hev det gjengi deg i alle desse Aari?
Berre godt; ja, eg ser det. Du hev dei store klaare
Barneaugo dine endaa. Gudskjelov; so hev du vel
Barnehugen med. Og mange huglege Ord hadde ho
til Fanny.

Fru Kahrs kom sidan ofte innum hjaa Schulze. Og
Fanny vart heiltupp kjend med henne att. Ho budde
hjaa den gifte Syster si upp-i Professorbyen; men ho
hadde lite aa arbeide med no. Ja, ja; det var so ymist
i denne Verdi. Kunde ikkje Fanny sjaa upp til henne
um Sundagane t. D.? so skulde ho lesa lite med henne?
Lite Tysk? Og spéla eit Grand med henne kanskje?
Ja gjer det, Gjenta mi, bad ho. Det skal rett vera
hugsamt aa faa noko aa stelle med att!

So gjekk Fanny hjaa Fru Kahrs mest kvar Sundag;
Fru Schulze var snild og gav henne fri. Iser var
Fanny glad med aa faa lære aa spéla Piano; det vesle ho
hadde lært paa Kristiansborg hadde ho mest gløymt.
Stundom var Fru Kahrs laak; daa kvilde ho paa Sofaen
og rødde. Helst um Kristiansborg og gamle Dagar, og
um Skuleborni sine. Dei fleste gjekk det godt med,
Gudskjelov. Gina Wiig var musikalsk og skulde til
Leipzig; ho spéla alt no merkeleg godt. Ebba gjekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free