Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
161 HJAA HO MOR
heime; ho var noko serlaga, men ei staut lita Gjente,
som nok kom til aa taka seg fram. Vil ho til Teatre?
spurde Fanny. — Ja; ho vilde nok gjerne freiste seg;
men det fær ho no ikkje Lov til. — Thea Hansen var
alt gift. Josefine Evensen, stakkar ... aa, slik ei god
og snild Gjente, men veik ... ho hadde komi ut for
denne Frits Johannesen. Ja, stakkars Frits; han tok
nok til reint aa vildre seg burt. Han hadde vorti so
reint burtskjemd. Mor hans var ei gjæv Kvinne, men
hadde vori for glad i Guten; og Far hans ... ja han
var elles daain no. Det var den eine leide Sogo etter
den andre um Frits. Denne siste med Josefine var
mest den leidaste. Josefine hadde slik ein streng Far
og; han vilde ikkje vita av henne lenger. Det var
ikkje godt aa vita köss det skulde gaa. Fru Kahrs
syrgde yvi Josefine. Slik ei gild, hugsam Gjente;
hennar Ulykke var visst den, at ho hadde havt ei altfor
streng Uppaling. Naar eit slikt Barn endeleg slapp ut
or den harde Tvangen, forstod det liksom ikkje rett aa
brüka Fridomen sin.
Gud, for ei søt Dame Fru Kahrs var; ho tenkte so
godt um alt; og alt forstod ho. Til henne maatte ein
kunna fortelja kva det so var. Ho tala mykje um Mor
og. Du skal ikkje døme strengt um Mor di, Fanny,
sagde ho; Verdi hev vori hard imot henne, veit du;
og ingin av os toler mykje av Hardleik og Mismæting.
Me vert beiske av det. Mange hev ingi onnor Raad
enn aa gjera seg harde og taka det lett. Aa ja, me
treng til aa døme mildt um kvarandre; Live er so
underleg hardført.
Stundom tala ho um Teatre. Fanny hadde tilstadi
at ho vilde bli Skodespelar; og Fru Kahrs tok dette
aalvorsamt. Ja-ja, sagde ho, det kann godt henne du hev
Gaavur til det, Fanny; du maa berre lære aa forstaa kva
du skal gjera paa Spél-Tile. Det er ikkje berre til Gaman,
veit du. Me skal forklaare oss for kvarandre; berre Folk
rett lærer aa kjenne og skyna kvarandre, so vert dei
11 — Garborg. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>