- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
162

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

162

HJAA HO MOR

gode mot kvarandre, og so vert Live ljost; men det er
det, ein Kunstnar betre enn nokon annan kann gjera:
lære oss aa forstaa kvarandre. Sködespélaren kanskje
mest. Han skal stelle fram Menneskje for oss, so me
ser det og forstend det; han skal lære oss aa vera
forsonlege mot kvarandre. Daa gjer han likso mykje
godt fraa Tile som Presten fraa Preikestolen. Fanny
lova seg sjølv aa hugse dette; ho kjende, at det var
sant. Og so var det so fagert. —

— Daa Aare var ute, var der av dei 24 Dalane
ikkje ein Skilling att. Og endaa turfte ho altfor vel
nye Klæde. Det var greidt at ho laut taka Post paa
nytt; like eins var det greidt at ho laut tena meir enn
fire og tjuge Dalar; men kor skulde ho av? Fru
Schulze baud henne fem og tjuge; det var ikkje nok
det heller. Og so hadde ho ikkje Hug til aa vera her;
Meistarsveinen tok til aa gjeva henne so mange
Gaa-vur, og det var leidt aa segja nei til den snilde Guten;
men det kunde bli leidt aa taka imot og. Gamle Schulze
var ikkje heller rett etter hennar Hug. Han var altfor
blidvorin; kneip henne i Kinni oftare enn naudsynt
kunde vera, totte ho.

Men kor skulde ho av.

Ho var for ung og kunde for lite. Hadde ho endaa
havt Kjenningar. Men den einaste ho kunde bry var
Thorseng; og han kunde vel snart bli leid. Onkel Nils
gjekk det meir og meir ut med; han tok sjølv til aa
søkje Postar; han kunde daa visst ikkje hjelpe henne.
Og Onkel Solum var mest aldri aa sjaa. Han reiste
stødt; ho Mor sagde det var ikkje meir enn Baaten
bar der heller. Laane Pengar — uff; heller vera daud
enn hava Gjeld. Og kven skulde ho laane av, um so
var? Thorseng? — Lea vilde bli reint ifraa seg.
Hjaa Thorseng torde ho ikkje nemne sine Teatertankar
heller; slikt maatte dei ikkje vita um der.

— Den Vaaren hende det noko som lengi var venta:
Fanny vart Moster.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free