- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
163

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

163 HJAA HO MOR



Det var ein Gut. Thorseng var sæl, mest bljug; ho
Mor au var gild, endaa ho ikkje lika aa vera Bestemor.

Daa Fanny i Braablle ikkje hadde noko anna Yrkje,
vart det avgjort at ho skulde vera Barnegjente. Til
Like for det skulde Thorseng so snart han kunde skaffe
henne ein Post. Det var greidt at Frøken Holmsen
ikkje kunde halde paa med aa gaa Bakarjomfru.

Vesleguten til Lea var nauende fin. Nei! slik ein
søt litin Ting; aa! so klokt som han kunde sjaa paa
ein; aah; sjaa! Fanny tok han innaat Bringa si og
skreik høgt av Glede. „Aahü tru det var min!! aahü
tru det var mini" Men so med eitt vart ho jammerleg
skamfull. Den vesle annvinne blide Jordmori jamna
yvi so vent ho kunde: ja-ja; det kann vel ikkje staa so
lengi paa no, fyrr Frøkni blir gift! — Ish daa; eg
gifter meg aldri! forsikra Fanny. Nei-nei, nei-nei,
kannhende det, smilte Jordmori.

Ja for uff! det var ufysi. Ish; uff; at Lea kunde
vera til; tenkje seg: verkeleg ha født eit Barn! Og
alle Folk visste, at det var ho som hadde født det;
kor kunde nokon greide slikt? Ho kjende seg brydd
berre av aa vera Barnegjente. Naar Thorseng ender
og daa saag inn-um Sonen sin, lika ho seg ikkje.
Hende det at ho raaka ein Karmann naar ho kom
gangande med Taateflaska i Handi, so torde ho ikkje
sjaa upp.

Det var ho Mor som hadde Øvste-Uppsyne med
Veslegut; Lea og Fanny var paa Lag like styvne. Det
vart vandare aa vera Barnfostre enn Fanny hadde tenkt.
Den vesle hadde Mage-Ugreidur. Doktaren hadde raadt
Lea ifraa aa gjeva Barne sitt Bryst.

Det vart eit endelaust Stell med Taateflaskur som
vart sure, Mjølk som skulde vermast og blandast,
Smokkur som ikkje drog. Stundom vilde Guten ikkje
hava Flaska kor god ho var; daa visste Fanny ingin
Utveg. Ho vogga han so han kunde faa Heileskaking;
bar han og byssa han til ho ikkje kjende sine eigne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free