Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
164
HJAA HO MOR
Armar; Gud Fader maatte vita kva det var som vanta
han. Smaatt um Senn lærde ho, at det kunde hjelpe
aa gjeva ’n Pulver, smyrja Magen hans med grøn Olje,
byte turre Blæjur paa han i Staden for deim som han
hadde vætt ut; men alt dette var so mødesamt at ho
lét det vera i lengste Lage. Daa Lea vart god att,
sat ho ofte i Barnerome. Var Guten snild, so leika
ho med han og kjælte for han; var han leid, gav ho
vondt paa Fanny. Ho lærde seg aa stelle han au.
Naar ho ikkje var for trøytt um Kvelden klædde ho
av han sjølv; han skreik, men ho heldt det ut, ofte i
meir enn ein halv Time. Ho kunde ikkje skyna at
Mødrar kunde gjeva Borni sine i Hendane paa
ukunnige Barnegjentur; hadde ho ikkje fullgjort sin
Mor-Skyldnad, so vilde ho aldri kunna sova rolegt.
Verst var Guten um Nætane. Det tok gjerne til
med at han smilte i Svevnen; daa visste Fanny at han
hadde Mageknip. Han smilte og vreid seg, vreid seg
og smilte; ender og daa skvatt han upp med høge Skrik,
liksom han skulde ha drøymt stygt. Daa nytta det
ikkje aa leggje seg; ein maatte jamt sjaa til Vogga.
Ved Midnatsleite orka ikkje Fanny meir. Ho velte
seg i Koll i Sengi og drukna i Svevn. Men daa kom
han. Æ—h! æ—h! æ–h! Uh! Stynjande sleit ho
seg upp or Svevndjupni; det svimra for henne; ho
kunde mest ikkje sanse seg; endeleg fekk ho Taata
inn i Munnen paa han att; lagde seg so og tok til aa
vogge. Byss, byss; byss, byss . . . Armen sovna og
seig ned; Vogga stana; Ungen tok til att: æ—h! æ—h!
Ho gav han Taata; han vreid seg og miste ho att,
Æ—h! æ–—h!! — Paanytt fekk han Taata; nei; no
vilde han ikkje hava ho. Han berre skreik. Vreid
seg i sine Høgjend som ein Orm og skreik. Det var
ingi Raad; tumlande av Svevn maatte ho upp og
laga ny Flaske til han. Endeleg. Aa Gudskjelov. Ho
velte seg inn-yvi Sengekanten og steinsov.
–-Æ—h! æ–h! æ––h! Uff!! Gud
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>