- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
165

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

165 HJAA HO MOR



hjelpe oss! Var det Eld laus? — Huff. Det var ikkje
Skrik! det var Stynjing, stygg, lang, haas Stynjing, klemd
upp fraa Magen; det saga henne slipande gjenom Merg
og Bein, sleit seg gjenom Nervune som skjemde Knivar;
ho jamra, skar Tennar, grét; huff! kva tru det no
var. Det var reint gali med han. Han skreik so han
var blaa, sveita so det perla um Panna hans. Ho
fekk han upp og stelte han. Klædde av han; vaska
han der han var saar; strødde med Eplemjøl, gneid med
Olje; so hadde ho reint Ty paa han og gav han Pulver;
han skreik. Ho reidde upp Vogga fraa nyo; gjorde
ho mjuk som eit Reir av Dun; — nei. Laga ei ny
frisk Flaske; — nei. Han skreik. Ho tok han upp
og bar han; bar han paa Armane i Kortervis; rugga,
bysja, song, grét; endeleg dorma han av i ein Døs; so
freista ho leggje han; men daa vakna han att. Ho
orka ikkje bera han lenger; sette seg paa ein Stol og
huska han paa Fange; paa nytt dorma han av; i same
Stundi sov ho og heldt paa aa sleppe Ungen.

Ho var fyrisagd aa vekkje Lea, um noko kom paa;
eit Par Gongir gjorde ho dette. Guten hadde vorti so
rar; blaableik og stygg; Augo hans rengde seg; ho
trudde det kunde vera Krampe. Men det var ikkje
noko. Det var berre Magen. Ho hadde ikkje turvt
vekkje Folk upp av Nattesvevnen sin for den Skuld.
Sidan lét Fanny Syster si sova, endaa um det kunde
sjaa stygt ut ender og daa. Var det inga Raad med
Guten, so lagde ho han i Vogga og lét han skrike. Ho
var so trøytt daa, at ho sov trass i alt. Det vart ein
vond Svevn, full av Samvitsagg og sveitedrivande
Draumar; men ho sov. Ut paa Morgonen var Guten roleg
eit Par Timar, so vidt Fanny kom seg nokorleis i Lag
att; men Klokka fem var det slutt; daa laut ho upp
anten ho peip eller song; hu; daa var ho so arg paa
Ungen at ho kunde kverke ’n.

Det var um Fyrimiddagen Guten helst sov; daa var
det som inkje noko vanta. Men daa laut Fanny nytte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free