- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
167

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

167 HJAA HO MOR



vigtig; han gjekk med Nos i Sky og sagde visst alt
det han hadde Hüg til. Kanskje det var det som var
aa vera Vinstremann: aa ikkje vera so mjuk og pen
som dei andre; det kunde no ikkje vera so gali kor
som var. Men at han gjekk slurveleg klædd var ikkje
huglegt; minst kunde Fanny finne seg i den halvreine
Snippen hans; og det var fælt av han at han ikkje
brüka Handkragar. Men kanskje det og var
vinstre-manskt. Ein Ting var viss, og det var, at han kunde
ikkje vera noko tess, dersom det gjorde nokon Mun
paa han det Snakke som han her fekk høyre.

Det var nok helst Tollaren som skulde telja for han;
i Vissa kunde Tollaren knapt sjaa han, fyrr han tok til
og spea um „Vinstremennane". Men den vesle
Studenten var slett ikkje so greid; han beit fraa seg, og det
rett skikkeleg. Med sitt tunne skrale Mæle svara han
so det small. Ein Gong var han nok reint leid med
Dauden i Lybekk. Tollaren kom med nokre Sneidur
um „Smaafolk, som vilde upp", og noko som han kalla
„Parvenyar"; han sagde det soleis, at Uchermann tok
det til seg. Nei nei, svara Uchermann; Far min var
korkje Olavsriddar eller noko anna stort; men det hev
daa Gudskjelov endaa ikkje vori Naud paa aa faa Son
hans innberga i Tollverke! — Tollaren tagna med ein
Gong. Lea saag med store Augo paa Studenten;
Thorseng tok til aa tala um noko anna.

Dei Kveldane det var Lag, og naar Kvende og Karar
hadde skilt seg aat, heldt Uchermann seg i Kvenderome,
av di han ikkje spéla Kort. Daa kunde det mest bli
morosamt i Kvendestogo. Dei ordskiftest. Damune
torde ikkje halde med Uchermann i nokon Ting, av di
dei visste at han skulde hava „Synsmaatar"; dei lagde
imot han, um han var aldri so vitug. So vart han
vond og kunde segja deim gilde Ting. Ein Kveld kalla
han deim Husdyr; daa storlo Fanny. Nei men
Uchermann! bad Lea. Ja kanskje det skal vera eit
Manna-liv, heldt han ihuga fram, — gaa alle sine Dagar i ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free