Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
168
HJAA HO MOR
Kjøk og koke Graut, og so av og til føde Husbond eit
Barn . . . skal det vera eit Menneskjeliv! Dei maa
bli styvne! — Damune vart so forstøkte at dei sagde
ikkje eit Ord meir.
Ein Dag laga Fanny det so, at ho fekk han burt i
ei Kraa for seg sjølv; ikkje gjev Dykk Uchermann!
sagde ho. Han vart heilt fortustra: gje meg? Kva
meiner De ? Ho raudna; ho visste ikkje kva ho meinte.
Ja eg trudde ... er De ikkje Vinstremann ? — Jau
lat gaa. — Ja er ikkje det mykje meir Moro enn . . .
Desse andre er so keidsame, tykkjer eg; ikkje gjev
Dykk! Ho sprang sin Veg, og beit seg i Lippa, so
skjemd var ho. Uff! Styvingskap. Kva hadde ho havt
med dette aa gjera? Han maatte tru ho var ikkje rett
i Hovude!
Men heile Kvelden sidan var han ille uvyrdin. Han
paastod at Damune dugde ikkje til aa ala upp Born
heller. Kor skulde dei ha lært det helst? — Fraa
Verdi var skapt hev dei vori utanfor Aandsutviklingi,
av di Mannfolki lika so godt at dei var barnslege; er
det kanskje nokon som trur at Born forstend seg paa
Barneuppfostring? Han smilte, lite skakt; Kvendi var
so sinna at det spruta av deim.
Sidan kom ikkje Uchermann til Thorseng oftare.
Men til Jol fekk Fanny ei Gaave fraa han. Det var
ei Bok; „Kjærlighedens Komedie af Henrik Ibsen"
heitte ho. Fyrst i Boki var det skrivi med ei lita sped
Hand: „Til min Valkyrie." Uff, kva er det? lo Fanny.
XV.
Endeleg.
Prøvetidi hadde vori lang. Fanny hadde alt gjevi
Voni fraa seg. Gamle Houen hadde gjengi og tagt
som ein Mur i Maanadsvis. Klædi hennar rivna i alle
Saumar, og Styvlane datt av Føtane hennar Lapp etter
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>