- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
169

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169 HJAA HO MOR



Lapp; han tagde. Ho hadde ikkje tordt spyrja heller.
Det var greidt: han hadde ikkje Bruk for henne. Ho
dugde vel ikkje til nokon Ting. Fyrr hadde Folk gjengi
og inbilt henne at ho var flink; no var det ingin som
kunde brüka henne. Kvar Gong ho skulde spyrja,
miste ho Mode. Skulde ho bli burtvist no, so vilde
alle Vonir slokne.

Heime tok ho Mor til aa murre og hæde; du med
din Dugleik —; du, som er so kry —; rart at det ikkje
skal gaa fljotare for deg, som er slik ei Stasgjente! —
Det pinte henne visst fælt aa vera fatig. Naar det
galdt Pengar og Penge-Verd, var ho mest altfor nisk.
Meistarsveinen hjaa Schulze kom med Gaavur stundom
enno; Fanny totte det vart leidt og tala frampaa um aa
segja nei; ver ikkje ør; tak imot! sagde Mor hennar. Ein
Kveld hadde Fanny vori hjaa Schulze til Te. Gamle
Schulze var galant og fylgde henne heim; daa dei skulde
skiljast, fyrislo han at ho skulde gjeva han ein Kiss,
so vilde han for det gjeva henne ei fin, svart Moff’e.
Fanny kom heim og lo og fortalde det. Ho Mor lo
med. Men so sagde ho: pøh, kunde du ikkje ha gjevi’n
den Kyssen daa? — Det var so halvt Skjemt . . . Fanny
gøymde seg i den gamle Sofaen og gav seg til aa
graate. —

Det var ikkje greidt for ho Mor heller. Ho fekk
vondt i Augo av all den Saumen, og Hovudverken elte
henne mest som i gamle Dagar. Ho kunde ikkje vera
so plent som fyrr; ender og ei av Venine gjekk fraa
henne. I det seinste hadde ho löti stydja under med
Krambusaum; det var no reint aa tyne seg. Um ho
sat heile Dagen, og halve Natti med, kunde ho ikkje
tena meir enn ei Mark eller so, ei Mark og seks, naar
det kom høgt, „ei Krone" som det no skulde heite;
men hadde ho paa den Maaten tent ei Krone den eine
Dagen, so hende det at ho Dagen etter maatte halde
Sengi. Nei; det gjekk ikkje. Det maatte bli ei Raad.
Kunde det ikkje laga seg paa annan Maate, tenkte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free