- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
170

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

HJAA HO MOR

Fanny, so fekk ho i Guds Namn ste seg til
Tenest-gjente.

— — Og so hadde gamle Houen berre spurt, um
ho vilde vera fornøgd med 25 Kronur um Maanaden.
Um ho vilde vera fornøgd?!

Fem og tjuge Kronur, seks Dalar ei Mark og seks
. . . tjuge Dalar Kvartale ... tri hundra Kronur um
Aare; — um ho vilde vera fornøgd!!

Ho kunde ha teki den gamle Graaskjeggen um
Halsen og kysst han. Ikkje aa nemne at han attpaa
alt hadde sagt „for det fyrste" . . .

Det var ikkje med Maate so gildt som det var. No
kunde ho greide seg sjølv og hjelpe ho Mor attpaa. Betala
Skuldi si; bli fri, bli fri. Aldri meir liggje til Tyngsle
for andre. Og so endeleg ein Gong faa gjera ho Mor
lite glad. Stakkars Mor; lengi nok hadde ho sliti; det
kunde vera paa Tidi no at ho fekk det eit Grand
lettare. Gud! som Verdi vart fri og ljos; Gud! som
her vart trygt og Rom til aa snu seg. Krambutrøytt
som ho var dansa ho til Hægdehaugen den Kvelden;
og daa ho Mor klappa henne paa Kinni og sagde at
ho var glup Gjente lel, maatte ho endaa ein Gong
burt i den gamle Sofaen ... ho hadde so harmeleg
lett for aa graate. —

— Men noko hugsamt var det ikkje i Krambui. Ho
var syttan Aar; det unge Blode gjekk henne gjenom
Kroppen i heller urolege Bylgjur. Ho trong um aa vera
fri, vera med, sveive seg, svinge seg; trong um aa
sjaa og bli sedd, aa like og bli lika; Rome hennar var
millom Folk som kunde læ, i glimande Salar der ein
kunde vise seg og gilde seg; ho trong Sol, Ljos, Luft,
Liv; og so skulde ho staa burtgøymd attum ein Disk, i
Dimme og Dumbe, bundi til ein Flekk, bundi som i
Trældom fraa Morgo til Kveld, med ein Time Middagsfritt.
Ho hadde tenkt aa halde ut hjaa Houen i eit Aars Tid
eller so; men so vonlaust lange som Timane vart kunde
ho ikkje alltid forstaa, kor ho skulde kunna klara det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free