- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
171

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

171 HJAA HO MOR



Den som endaa kunde hava ei Bok med seg, eller
um det ikkje var anna enn ein Bunding, ein Krotsaum,
noko aa stelle med i dei lange Fristundine; noko som
kunde faa henne til aa gløyme Klokka. Men nei. Ein
fekk ikkje so mykje som setja seg nedpaa. Hadde
ein ikkje noko aa gjera, so skulde ein finne seg noko
aa gjera; daa visst maatte ein halde seg uppe; for
Husbond kunde koma naar det var; og elles maatte kvar
som kom inn i Bui faa ei Kjenning av, at i denne
Forretningi hadde ein ikkje Stundir til aa leta seg.
Det var aa skipa i Hyllur og Skaap, flytja, skilja, turke
burt Dumbe, telja upp og mæle upp, vera i Rørsle so
lengi ein kunde, og sidan staa, drive paa og staa, men
sjaa ut som ein nettupp hadde teki seg ei Kvild; staa
ein halv Time paa den eine Foten, og so ein halv Time
paa den andre, og so byte um att; draga ut ei Skuffe i
Disken kanskje, til aa stydja Knée mot, men staa; staa
til Lémine gleid liksom fraa kvarandre og Hovude vart
susande tomt som ei tom Tunne. Tidi fraa 8 um
Morgonen til Middag var plent endelaus. Jau; so kom
det ei lita Gjente; skulde ha ei kvit Snelle Nr. 30.
Ja; versogod. Ti Øre; takk. Ikkje noko anna i Dag
daa? — Adjø. — Klokka var det same. Klokka vart
det same. Gjekk ho ikkje i Dag tru? —Jau daa; ho
gjekk. Uff; ikkje tenkje paa Klokka. Tenkje paa andre
Ting . . . Mor, Lea, Teatre . . . Kva tru me skulde
hava til Middag idag; undrast paa koss Veslegut hadde
det; Barnegjenta saag ut til noko av kvart . . . Nei
sjaa; var det ikkje Student Uchermann som gjekk der
ute so kulsin i den Iurvute Frakken . . . men Nasen
i Sky likevel; rar Fyr . . . Uff; ho som ikkje hadde
hugsa kva Valkyrje var; fælt aa vera so styveleg; det
kom nok attum at ein hadde vori lat paa Skulen . . .
Ha-ha; tenk; ei Valkyrje i ein Garnhandel; det høvde
ikkje ... Ho truga seg til aa tenkje, truga seg til aa
halde Augo fraa Klokka; rødde nokre Ord med Dorthe,
Moe, Ilsnæs; — no maatte det daa vel i all Verdsens

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free