Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
172
HJAA HO MOR
Rike vera lidi av ein Time eller so. — Aa jau daa. Det
var gjengi sekstan Minuttar.
Langt um lengi kom det ein Bondemann. Han skulde
hava Lereft. Kor mykje? Det visste han ikkje. Det
spurdest um Prisen. Ja her var mange Prisar. Ja
men Bonden skulde hava noko billegt; men so skulde
det vera godt. Ja daa; her er noko som er billegt
og godt. Det bør De sjaa paa. Ein maatte drive
Handelen livlegt og kvikt, med ei tekkjeleg Mine av
Godlag og Velvilje; og med synleg Samhug for
Kjøparen og hans Turftir. Vil De lyde mi Raad, so skal
De taka dette; De fær ikkje noko betre; ikkje til den
Prisen daa; dei fleste kauper av det; Husmødrar og
slike som forstend seg paa det plar alltid kaupe av
det; helst naar dei vil hava noko som skal vara ei
Stund. Nei men De kann daa ikkje segja, at det er
dyrt. Me sel det mest for Innkaupspris; me tenar
sjølv aa kalle ingin Ting ... I Storgata > — Ja De
kann faa billegare Sakir her med, men dei er ikkje so
gode . . . ikkje so gode, skynar De. Men De kann
sjaa; det er gode Varur, det au; svært gode . . . Sjaa
her! ... Og her! Det var aa leggje upp for Bonden
alt det ein hadde av det Slage. Nei; han kom attende
til det fyrste; det var det han vilde hava for billegare
Pris. Ein laut tinge i det endelause. Aldri trøytne.
Ein visste at Bonden gjerne kunde faa Vara for 16 Øre;
Husbond vilde tena, um ho so vart seld for 15; men
ein var nøydd til aa halde paa 20 likevel, heilt til
Kauparen snudde Ryggen . . . Ja-ja, tak det for 19
daa. — 17, sagde Bonden og stana. Naa, Herregud;
lat det gaa for 18; so tenar me ikkje ein Øre sjølv,
men Handelen maa gaa, veit De . . . Kor mykje skulde
det vera? — Tvo Alnir. — Naa! tvo Alnir . . .
Verso-god. Ikkje noko anna i Dag daa?
Uff; — Men Gudskjelov; der hadde ein daa fengi
Ende paa . . . Kva Slag? Ikkje meir enn tjuge
Minuttar?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>