- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
173

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

173 HJAA HO MOR



Nei; her var ikkje hugnadsamt. Men eit Aar maatte
ein vel alltid kunna halde ut likevel; Jomfru Stange,
ho som var her fyrr, hadde haldi ut i trettan Aar, ho.
Tenk; trettan Aar. Men so hadde ho vori ferdug au
daa. Det var ikkje att anna enn eit Beinrangel av
henne — og eit Par Brillur, som Junior sagde —; og
so hadde ho gift seg med eit gamalt Troll paa 68 Aar,
som Fanny ikkje vilde ha rørt med ei Eldtong. Eg skulde
gjerne gifte meg med ein Vadsekk, hadde ho sagt, berre
eg kann koma ut av Krambui!

Det var ei Dame til her, Dorthe Baltzersen; ho hadde
haldi ut i tvo Aar. Det var ei hugsam Gjente; men
ho var gudeleg. Dette gjorde at Fanny ikkje kunde
gjera seg fullkjend med henne; for skulde ho det, so
maatte ho bli gudeleg sjølv. Og det kunde ho ikkje
no; ho vilde ikkje gjeva upp Teatre. Som vel var tala
Dorthe ikkje mykje um det gudelege, so Fanny kunde
hava eit Grand Umgang med henne endaa.

Mannfolki paa Bui var ikkje stort aa bry seg um.
Ilsnæs, Fyrstemann, var yvi tredive Aar og gift;
Upplags-mannen, Moe, var yngre, men stillfarande og lite for
seg. Han var fraa Lande; Junior skulda han for aa
vera Vinstremann. „Han lez Gud døde mej Verdenz
Gang," lespa Junior. Det skulde De ikkje banne paa,
sagde Moe; han vilde ikkje vera ved det. Eg banna
berre ved Gud, vitsa Junior, og daa lyg eg; men naar
eg segjer paa mi Ære, so kann De ved Gud tru meg!
— Fanny totte ho hadde høyrt det Ordtake fyrr.

Ho kunde ikkje like den Junior, endaa han var Son
aat Husbond. Fælt fin var han nok, men kasin og
utidug. Han gjekk her og skulde setja seg inn i
Handelen ; men for det meste laag han og hekk yvi Disken
og var sjukleg. Eg er øydelagd, sagde han; det skulde
nok vera gildt, det. So ofte det var Tilhøve til aa faa
sagt noko uliklegt gjorde han det; han trudde visst me
lika slikt noko; sjølvsagt skulde me gjelde for simple
Gjentur, naar me ikkje hadde Raad til aa sitja heime

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free