- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
174

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

174

HJAA HO MOR

paa Stasen. Naar ein er sett under andre i denne
Verdi, sagde Dorthe spakt, so er der mykje slikt; det
er ei Freisting; ei Lutring som i ein Eld; det spyrst
um me hev Tölmod!

Fanny tala ikkje til han. Ho hadde ein Dag vori
inne paa Upplage og skulde greide nokre Sysakir; han
var komin etter og hadde sett seg til aa sjaa paa henne.
Daa ho skulde gaa inn i Bui att lespa Junior: ikorn
og sitt paa Fange mitt, Frøken!" — Fanny gjekk byrg
framum han og letst som ho inkje hadde høyrt; sidan
var det Uvenskap millom henne og Junior. —

— Houens Garn- og Lereftshandel laag paa eit Hyrna
der Akersgata og dei tvo Grensegatune møtest. Det
var Smaafolk som handia der, og Bøndar fraa Vestsida.
Paa Gata var det mykje Ferdsle endaa no i
Vinter-søyla; det kunde ein sjaa gjenom Glasruta i
Krambu-døri. Aa, so godt som dei hadde det, dei der ute som
var frie. Tenk; kunna gaa kvar ein vilde og naar ein
vilde; ikkje hava nokor Klokke yvi seg, som mana ein
til Flekken; Gud, kor godt ho i Grunnen hadde havt
det fyrr! No fekk ho lite seg med aa glo paa deim
som hadde det godt, no. Nei sjaa; der var Grete.
Sjølvsagt: Boki under Armen ; no hadde ho vori i
Leige-biblioteke att. Der kom Frøken Bull og Frøken Broch;
dei skulde i Buine; sæle Folk! — Kven var det?
Ved Gud; Pastor Holck og Frue; tenk han gjekk i
Tullup og Utanpaastyvlar, ikkje kaldare det var. Jau;
lognt kunde ein ha det. Ein Gong køyrde Kristian
Thorseng framum med Kona si . . . tenk, den Tjukken
hadde ho ein Gong vori glad i! — Ender og daa saag
ho William; han var Student no, bleik og forlesin; tok
seg elles godt ud med Duskeluve. Uff, alt dette gamle
Barnetull. Undrast paa kor mange Gongir ho hadde
vori hugteki fram-etter Aari? No, daa der kunde vera
Meining i det, var ho visst ikkje glad i nokon. —
Nei men kven var no det daa . . . den vesle nauende
fine Dama i svart skinnsett Kaape og Kosakkluve . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free