Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
175 HJAA HO MOR
Nei sjaa vezle Emilie Lund! lespa Junior; nei men
jagu er ho søt, ja! Er det ikkje for gali, at den skarve
Sakføraren skal hava slik ei Frille daa? — Sakføraren?
spurde Ilsnæs; eg trudde det var ein Kaptein, eg. Baae
Slagi, baae Slagi, svara Junior; Emilie tenkjer som so,
at det kann ikkje bli for mykje av det gode! — Ja
men gjeng det? — Gjeng? Kor daa? — Ryk ikkje
Sakføraren og Kapteinen i Luggen paa kvarandre av
og til meiner eg? — Snilde Il&næs, dei er samde og
vel forlikte um den Ting. Emilie Lund vart for dyr
for Sakføraren, ser De, og so lét han Kapteinen faa
Helvti i henne ... ja ... So blev de alle tre saa
vel tilfredse; ak gik det saa i denne Verden stedse!
Kva er det De snakkar um? spurde Fanny
stirande. Jau det skal eg segja Dykk, Jomfr—øken;
Emilie Lund hev tvo Mennar; er det so rart? Kjenner
De Emilie Lund? — Fanny fann paa noko aa stelle
med burt-ved Hylla; kor skulde eg kjenne henne ifraa?
spurde ho. Umforlatels, Jomfr—øken; De spurde so
forviti, totte eg; men kannhende det er ein av
Her-rane De kjenner? Sakføraren? Kapteinen? — Naa,
Herregud; det var eit Spursmaal; ein kann vel ikkje
forspyrja seg?
— Sogo um Emilie gjorde Fanny rædd.
Den Vegen kunde det daa gaa ; og det med Gjentur
som Emilie.
Den kvike, fagre, gilde Gjenta; i Grunnen so god,
berre eit Grand vill . . . like i Rennesteinen, like i
Rennesteinen. Gud i Himilen . . . det var som Vegen
dit ned vart so forvillande stutt.
Emilie gjekk um Krambui kvar Dag; ho budde vel
einkvar Staden i Nærleiken. Fanny trotta ikkje aa sjaa
henne meir. Ho hadde vorti urein for henne. Det
lukta simpelt av den fine Bunaden; det kunde ikkje
vera reint Underty under den. Saur, Saur var det, ho
gjekk i; ho hadde pynta seg med Skammi si og dekt
seg med si Vanære. Men fram or Ureinska kikka det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>