Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
176
HJAA HO MOR
vesle søte Barneandlite enno fram, lite bleikare enn
fyrr, med eit Mod som var tilgjort.
Fanny fekk Graateridir. Ho kunde ikkje faa Emilie
fraa seg; tenkte paa henne fraa Morgo til Kveld; saag
henne um Natti i vonde Draumar.
Ho saag henne drukne og kunde ikkje berge henne;
saag henne skamfarast og kunde ikkje hjelpe. Men
som oftast drøymde ho at ho gjekk saman med henne.
Ho hadde sjølv vorti ei slik. Og dei gjekk upp og
ned Karl-Johansgata i skitne, usømelege Klæde og
hadde Mugen etter seg. So kom Venir og Kjenningar;
saag dei, sputta etter dei, gjorde skræmelege Faktir
. . . aah, aah . . . Fanny! du maa vakne; du drøymer
visst; — Fanny! — Ho vakna; laag og skalv eit Bil;
somna so att; og Draumane tok til fraa nytt av. —
Det var det som var so fælslegt — det var noko
ho hadde talma seg med meir enn ein Gong fyrr —:
berre ikkje ho sjølv og var slik ei simpel Gjente.
Uff; aa Gud . . .
Nei; ho var ikkje som dei rette Damune. Naar ho
tenkte attende paa Barndomen sin . . . og heile Tidi
uppigjenom . . . Hjarta kraup saman i ho av Rædsle,
og Kaldsveitten sprang um Tunnvangane. Sant nok;
Gina og Ebba hadde og vori med paa Høytreve; og dei
var fine, det visste ho daa; men dei hadde visst ikkje
havt det paa den Maaten som ho. Dei hadde berre
tott at alt slikt var fælt og stygt dei . . . og det hadde
ho og; men . . .
Elles kunde det ikkje vera so faarlegt kva slike
Smaagjentur fann paa; men sidan! Sidan! — Aa Gud
. . . Hadde ho tenkt paa anna enn Gutar og Truloving,
kanskje, og Kyssar og — aah; og endaa, endaa elte
det henne; ho var ikkje yvi det; nei, ho var ikkje
yvi det! Ho skulde vera vaksi Menneskje, men ho
var ikkje yvi det! Ingin i Verdi drøymde um, kva ho
kunde faa for Hugsviv i einslege Stundir; det var ikkje
nemnande; det var slikt som rette Damur ikkje visste
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>