Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
177 HJAA HO MOR
um dessmeir, fyrr dei var gifte; uff, uff, aa Gud, aa
Gud; og so som det kunde piaage henne, magtstela
henne, taka Sans og Vit ifraa henne, brenne henne
gjenom Blode som Eld . . . uff; ingi Dame hadde det
so; det var simple Gjentur som hadde det so; sjølvsagt
var det i ei slik Stund at Emilie og hadde forset seg;
aa Gud ....
Kvi skulde det ikkje gaa gali med henne som med
Emilie? Ho var og Dotter til slik ein daaleg Fyr; han
Far hadde visst ikkje vori likare enn Thomas Throndby.
Folk gjekk visst og venta paa at det skulde gaa gali
med ho. Kor ofte hadde ikkje ho Mor kalla henne for
ei Gateflogse og undra seg paa, kva Veg det skulde
gaa; og Lea: tru kva Ende det skal taka med deg
som hev so lite Arbeidshug ... og Pastor Holch; siste
Gongen ho var hjaa han, daa han tok deim kvar for
seg inn paa Kantore sitt —: du maa agte deg, Barne
mitt; der er Snaarur utlagde ved kvart Gatehyrna; og
allstad ligg Skyttaren og passar paa; haldt deg langt
burte fraa alle Snaarur, Barne mitt! Ein einaste
Augneblink, og so kann det vera gjort. Ja um det so var
han med Hornbrillune, han paa Politistationen —: eg
vonar De agter Dykk, so De ikkje kjem ned-yvi paa
desse Kantar att . . . Saag dei det utanpaa henne?
Og denne ufysne Professor Borchgrevinck; hadde han
kunna finne paa aa gjera so styggjeleg Narr av henne
som han gjorde den Gongen, dersom han ikkje hadde
set at ho var ei av deim, som — uff; og gamle Schulze —;
tenk, beint fram bjode henne ei svart Muffe for ein
Kyss ... og Junior —: kom og sit paa Fange mitt,
Frøken! — plent som ho skulde vera ei av deim, som
ein segjer kva ein vil aat . . . aa, aa; dei saag det
paa henne, dei saag det paa henne; dei skyna og
forstod at ho var ei slik; aldri i Verdi vilde dei bera seg
aat so, dersom dei saag at ho var Dame. Det gjekk
gali, det gjekk gali; det var greidt at det gjekk gali;
det var ikkje Tvil um det; aa fy aa fy, aa Spott
12 — Garborg. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>