Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
178
HJAA HO MOR
og Skam; aa, kvifor i Verdi hadde Mor hennar aatt
henne.
Gaa paa Gata ja; ho hadde vori paa den Haalka
sjølv. Det var greidt! Slikt skulde ho finne paa; det
var Moro for ei slik ei. Tenk; slikt eit Varsl; ja reint
eit Varsl; det hadde vel vori noko i ho som hadde
sagt, at det var der ho skulde ende.
Naar ho var betre i Lag trøysta ho seg med, at ho
hadde ei skikkeleg Mor. Det var greidt at det var
Mori det galdt um. Helst for Døtrane. Me saag daa
at Lea hadde berga seg fint. Tom var heller ikkje
verst; han hadde gift seg med Tenestgjenta si der burte
og livde folkeleg; arbeidde ved ein Jønnveg og hadde
Von um aa koma seg upp; det var styvelegt av henne
aa gaa her og pine seg med slikt noko. Ein annan
Ting var det med Emilie; ho hadde ei laak Mor og,
ho, til aa ættast paa.
— Jomfru Thorsen var komi til Byen; ho hadde gjort
det daalegt med Delikatessehandelen sin og vilde freiste
no aa bu i Kristiania og ha Loserande; ho kom til Mor
med Helsingar fraa Kristiansborg. Det var ein Sundag
Fyrimiddag i Marts; ho sat og drakk Kaffi og skarra
paa r’en sin ein heil Time.
Sakførar Lehmann var sjuk; Fru Mühlberg gjorde
det godt med Hotelle sitt; Bokbindar Lundstrøm hadde
gift seg med Hushaldargjenta si; Gamle-Kari gjekk og
staaka og lo som fyrr; ho sakna Fru Holmsen svært;
aldri hev eg kjent so hyggjeleg ei Kjering som
Margrethe! sagde ho. Men ho hadde søkt Skadebot hjaa
Fru Thorne; ho er ikkje so vand paa det, ho
Gamle-Kari! — Nei nei; men eg lika henne godt likevel, eg,
sagde ho Mor; ho var so lettliva. — Ja; ho læt det
ikkje røyne for hardt paa seg; ho tek Verdi som det
feil, ho. Ho hev visst mange Slags Ærend aa gaa.
Jamenn hender det at ho er ute og fer og kjem heim
att med eit Barn i Fange; ho hev nok skaffa meir enn
eit Barn Foreldre ho. — Aa ja; det er ikkje Gull alt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>