- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
179

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

179 HJAA HO MOR



som glimar . . . lite Kaffi til daa, Jomfru Thorsen? —
Seg meg, korleis hev dei det hjaa Proprietær Storm
no? —

Som dei sat der kom Onkel Solum. Nei Goddag!
ropa Fanny og spratt upp; det kallar eg ein Braafagnad!
— Goddag, Fanny; Goddag, Mar—Fru Holmsen . . .
Onkel Solum var eit Grand brydd. Goddag, Herr Solum,
svara ho Mor — ho var eit Grand brydd ho med —;
er so sjeldsynte Folk ute og ferdast? So skulde ho gjera
Solum kjend for Jomfru Thorsen —: Agent Solum, ein
av Holmsens gamle Venir ... — Nei men Pigejor,
er det ikkje Solum! Ja eg kjenner vel Dykk eg; eg
hev nok varta upp Dykk meir enn ein Gong; men kva
var det eg skulde sagt ... De var daa ikkje Venir
med han Skarven, De daa, Solum? — Aa, eg kjende
han . . . Naa; kor liver dei paa Kristiansborg daa,
Jomfru Thorsen? —

Fanny stirde paa Mor og Solum som um ho saag
Daudingar. Var han ikkje ein gamall Vén av Far?
Kvifor hadde ho Mor innbilt henne —? I Guds Namn;
der skulde vel ikkje vera noko gali?

Ho snikte seg ut. Som Hagl mot ei Glasrute slog
Minningar mot Hugen hennar —: alle dei Gongine
Solum hadde vori her; Gleda paa Mor naar han kom;
Ferdi til Kongsberg; alle dei underlege Samrødune ho
so ofte hadde vorti send burt fraa; dette at ho Mor
alltid vilde bu so fritt; alle Gaavune; all den Hjelpi
. . . og so var han ikkje nokon gamall Vén av han Far?
Kva i Jesu Namn —; skulde slikt noko kunna hende
og gaa for seg?

Ei kald Skamkjensle breidde seg seint gjenom kvar
Léd og Lém paa henne; Munnen vart turr; Andlite
hennar rengde seg. Ein Krampeknute sette seg for
Bringa; det var Graaten; men ho kunde ikkje faa
han upp.

Nei det var ikkje Raad. Det kunde ikkje vera Raad;
aldri i Verdi, aldri i Æva. Ho Mor hadde det so; ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free