Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
HJAA HO MOR
var noko fri paa det; ho var ikkje fullfin; dette med
Lundstrøm t. D. . . . eller det med Haltemikkel . . .
nei, nei; fin var ho ikkje; tenk, vera Venir med slik
ei som Gamle-Kari . . . Difor kunde det og vera sümt
som tok seg rart ut; det kunde taka seg fælt rart ut;
men det var berre det at ho var noko fri paa det
soleis; ho var ikkje simpel; nei, ho var ikkje simpel . . .
Ingin Stad var det einslegt nok i Dag; all Stad var
det Folk. Fanny gjekk or Vegen for deim, rømde for
deim, dei maatte ikkje sjaa henne. Dei vilde sjaa det.
Dei vilde skyna det. Alt myrkna ikring henne; øvst
uppe sat Gud og var vreid; ho kjende Augo hans i
Ryggen som ein Kalde. Tankane trengde paa og vilde
taka Vite; ho torde ikkje tenkje, men kunde ikkje lata
vera; Mor, Solum; Mor, Solum ... Ho maatte finne
Folk. Men ho hadde ingin aa finne. Det var ikkje
ein ho torde gaa til no. Og Gud hadde ho gjengi
burt fraa; Gud var henne vond. Aa, kor skulde ho
av; kor i alle Land skulde ho av; no var ho meir
raadlaus enn den verste i Verdi.
Kyrkja? Gaa til Kyrkja og gøyme seg burt i ei
Kraa der ingin saag ho; leggje seg paa Kne og beda
til Gud; beda, graate, ty seg inntil han; segja honom
alt, ty seg tett inntil han; no var ho i Naud, no maatte han
hjelpe ... aa Gud, lat det ikkje vera sant! aa Gud,
lat det ikkje vera sant! — og no vilde ho aldri forlata
han; aldri, aldri . . .
Ho torde ikkje gaa i Kyrkja heller. Dei vilde glo
paa henne; sjaa at der var noko i Vegen; tru, at ho
var fraa seg, nei; ikkje i Kyrkja heller var der Fred
aa faa. Men ho kunde ikkje vera aaleine. Med eitt
kom det Styre i Gonga hennar; ho stemnde ned-yvi
mot Byen. Dei stillaste Vegane ho visste valde ho;
og ho gjekk so snøgt at det mest vart Sprang. Um
eit BU banka ho paa hjaa Kjenningen sin fraa
Kram-bui, Dorthe Baltzersen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>