- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
182

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

182

HJAA HO MOR

hjaa ein som du hev svlki? — Javisst hev du sviki
han; dei hundrad Gongir hev du sviki han; du hev
negta han som Petrus, selt han som Judas; skal han
ikkje faa Lov til aa frelse deg for det? Vil du gaa i
heile Live ditt med det paa Samvlte at du hev sviki
han? Var det ikkje likare aa gaa stad og gjera det
godt att? Du trur kanskje han er tykkin? Veit du
kva han sa til Petrus? Petrus hadde vori vesall imot
han: fælt stakkarsleg og vesall hadde Petrus vori imot
sin Meistar og Vén: so kjem han og vil gjera det godt
att . . . Daa var vel Jesus vond? Han vilde vel ikkje
sjaa til den Sida der Petrus gjekk? Veit du kva Jesus
sagde? — Han sagde berre ein einaste Ting, men det
sagde han tri Gongir: Simon Petrus, elskar du meg.
Elskar du meg? han spurde ikkje um anna. Kva bryr
eg meg um dine Sviksverk og alt det der; — elskar
du meg? det er Tingen. Gakk av og elsk han; alt
det andre du kann hava fari med i ditt stakkarslege Liv,
det hugsar han ikkje, det veit han ikkje um; elsk meg,
segjer han; og det forsikrar eg deg til: kom berre so
vidt inntil han at du kann sjaa han, so elskar du han;
du kann ikkje anna enn elske han; han er den fagraste
av Menneskjeborni.

Fanny sat og grét heile Kvelden. Ho grét til ho
hadde graati seg trøytt; og daa ho gjekk heim fraa Møte,
var ho i Naadestande.

Sidan gjekk Dorthe og ho paa Samlingar kvar Kveld.
Dei gjekk hjaa Metodistane, Hernhuttane, dei
nyevange-liske; dei var hjaa Adventistane, Irwingianarane, ja
tilmed hjaa Mormonane; sistpaa slo dei seg til Ro i den
vesle Ansgarmissjonen, der ein velsigna Guds Mann
som heitte Andersson preika; der lika dei seg best lel,
totte dei.

Ansgarsmissjonen var svensk; Andersson var
Stor-Apostelen. Han var Sadelmakar fraa fyrstunde; utantil
var han ikkje mykje sjaaleg; og Mæle hans var haast.
Men naar han tala, gløymde ein alt slikt. Det var ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free