- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
183

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

183

Eld i Ordi hans, som tok og mest tryllte; og han hadde
ein Kjennskap til Mannahjarta som ingin kunde hava
utan Andens Upplysning framifraa. Allvisst totte
Kvin-folki at dei fekk so mykje av han. Kvar Kveld naar
han hadde tala flokka dei seg ikring Talarstolen i
Hopetal til aa handtakast med han.

Fanny kunde ikkje liva lenger utan i Samfund med
Gud og Guds Born. Ho bad, ikkje berre um
Mor-goner naar ho stod upp og um Kvelden naar ho lagde
seg, men so ofte ho hadde Tid til det; og naar ho
ikkje hadde Tid, lengta ho seg mest sjuk etter dei kjære
Bønestundir. Var det stilt i Bui, so smaug ho inn i
det inste Upplagsrome, „Skrap-Lagere", og bad; bad
so lengi ho torde vera burte, svira i Bøn; bad for alt
Folk, for Houen sjølv, for Ilsnæs, for Moe, tilmed
for Junior; ho gløymde jamvel ikkje Sjauaren paa
Storhandelsupplage; men mest av alt bad ho for
Mor si.

Mot henne kjende ho seg som ein Brotsmann reint.
Tenk, ho hadde ei Stund vaaga aa mistru si eigi Mor;
for ei Magt Satan maatte hava havt med henne. Ho vilde
daa no freiste aa frelse Mor si. For at ho Mor ikkje
var hugvend, det var nok dessverre altfor visst.

–Og um —?

Satans Magt var skræmeleg. Sjølve Kong David
hadde ein Gong vorti Undermann for den. Vaar eigi
Dygd og Ære var ikkje Takk verd; — um ho Mor
skulde hava noko aa trega paa? Det var ikkje so;
ikkje um tie Mann sagde det, vilde ho tru det; det var
berre den taapne Jomfru Thorsen som hadde gløymt,
at Solum var ein av Vénine hans Far; men um det
no hadde vori aldri so gali? Skulde ei Dotter døme
ei eigi Mor? — Beda for henne skulde ho; beda og
bønsøkje, halde paa med Bønir og Paakallingar . . .
Til siste Slutten galdt det ikkje um kva eit Menneskje
hadde gjort og ikkje gjort; det galdt um det kunde sleppe
frelst gjenom Domen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free