Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
184
HJAA HO MOR
Heilt i Naadestande var Fanny likevel ikkje endaa;
det vanta eitt: den hugheile Vedkjenning. Det var
raadlaust for henne aa staa upp i Forsamlingi og vitne
um Jesus. Ikkje heime for Mor si dessmeir torde ho
vitne; ho Mor vilde berre gjera Narr. Ho gjorde elles
Narr alt no. Det er daa eit fælt Renn paa deg, sagde
ho; hev du vorti so reint for god for denne Verdi no,
tykkjer du? Eller: aldri kann det vera Maate med
nokon Ting; der sit ho og hengjer med Øyro og er
so heilag at ho ikkje kann faa upp Munnen! I
Kram-bui med freista Fanny aa løyne Gudshügen sin; og
hjaa Thorseng torde ho ikkje nemne eit Ord, endaa
ho svært gjerne vilde hava frelst Lea. Aa for eit vesalt
og laakt Menneskje ho var. Tenk; gaa her og vita,
at eins eigne Skyldfolk gjekk paa Kanten av det store
Braadjupe, og endaa tegja, tegja av Otte for Verdens
Spott; aa, endaa hadde ho langt att, fyrr ho i Sanning
var eit Guds Barn. —
— Ho Mor fekk ikkje slaa seg til Ro likevel; endaa
ein Gong laut ho flytja.
Det var Lea si Skuld. Ho tolde vel ikkje at
Thorseng skulde hava det Utlegge; og so kunde dei sagte
ikkje paa annan Maate bli av med dette Loftshole uti
Trondhjemsvegen. Og til ho Mor var alt godt nok.
Ho fann seg i aa flytja for Fanny si Skuld; Fanny
fekk paa den Maaten stuttare Veg til Krambui. Men
ho vart ikkje blidare paa Lea for det; slik ei gamal
Mor, jamra ho, er nok berre i Vegen.
Daa Andersson reiste, vart det meir armodslegt i
Ansgarmissjonen. Dei norske Forkynnarar tok etter
han, men kunde ikkje naa han. Dei sagde det same
som han, og sagde det paa svenskt som han; men det
vart endaa ikkje det same. Og so kom Vaaren og
Sumaren. Det vart godt aa vera ute. Og ein kunde
i rette Røyndi dyrke Herren der og.
Men Soli og Ljose og Blomane var faarlege; mykje
verdslegt smaug inn i Hugen hjaa Fanny saman med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>