Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
185
deim. Og so hende det noko som gav henne att mest
altfor mykje av Livsmode hennar.
Grete Magnesen tok til aa søkje henne; ho turvte
eit vitugt Menneskje til aa lesa upp Forteljingi si for,
sagde ho. So var det ein solvarm, straalande
Juli-sundag; dei gjekk til Ladegaardsøyi, vilde vera i Fred.
Daa dei kom der ut, fekk dei Hüg til aa lauge seg.
Dei fann ein einsleg Krok paa Sudsida av Øyi, der
Strandi var høg og Skogen tett; der klædde dei av
seg og gjekk i Sjøen. Dei kunde ikkje symja, stod
berre og plaska og vaska seg; so vart dei kvate, skvette
Vatn paa kvarandre og lo. Snart var dei uppe att;
og med’ dei klædde paa seg lét dei Munnen leike.
Dei var i Lag og Lüne og rødde um laust og fast;
fortalde sistpaa sine Kjærleikssogur fraa Barneaari.
Dei var liksom ikkje so brydde no, daa dei hadde set
kvarandre nakne; og her i frie Skogen, i Sümar og
Sol, var det som dei kaldlege Løyndomane deira ikkje
var so store lenger. Dei skjemta um sine tvo ædle
Krambugutar; so tok den eine Sogo den andre, og
sistpaa var det vandt nok aa vita, kven av deim hadde
vori mest gutekjær i si Barndoms Tid. Grete fortalde
um ei av sine Kjenningar som jamvel hadde vori
trulova i Skuledagane. Retteleg trulova. Ho hadde havt
Brevskriving med han og kysst han . . . jau eg forsikrar
deg til! — Kysst han og? — Ja daa! No var ho ei av
dei finaste Damune i Byen og vilde visst ikkje like
aa høyre meir um den Greida; men sant var det
likevel. Hi-hi; tenk, eg hadde og slik ein Hug ein Gong
til aa kysse ein Gut, heldt Grete fram; ja eg var reint
lita daa, skynar du. Og ho lagde til: Gud, so mykje
Tull slike Smaagjentur kann finne paa; det er ingin av
dei vaksne, som trur det! — Fanny kasta seg um
Halsen paa Grete; ho var so glad at ho kunde ha stortuta.
Ho var daa ikkje simpel! Ho var som dei andre!
Kanskje dei fleste hadde havt det som ho! — Aa Gud,
so sæl som ho var. All Otten hennar vart burte som
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>