- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
186

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

186

HJAA HO MOR

Solrøyk i den kvite Lufti; ho vart lett for Bringa som
i gamle Dagar. Der var inkje noko gali med henne!
Ho var Dame; ho var helsüg; ho kunde sjaa kvart
Menneskje i Augo; ho hadde inkje aa fæle fyri; og
tenk ho, som hadde gjengi og trutt at ho var fortapt.
At knapt nok Gud kunde berge henne! Og so var det
berre noko som andre og hadde aa dragast med; noko
som kanskje dei fleste maatte vinne yvi. Aa Gud, kor
ho skulde vinne yvi det! Aa, som ho skulde bli Dame
heilt ut i Fingerendane! Kvar minste Rest av
Skule-gjenta skulde tynast i ho; ikkje i Draumar skulde det
koma for henne anna enn Dametankar; aa! ... ja med
Guds Hjelp daa, sjølvsagt.

Grete las upp Sogo si; Fanny kunde mest ikkje sitja
roleg. Ho roste Sogo for Endes, men fekk ikkje Tak
paa eit Ord. Paa Heimvegen var ho so lystig at Grete
kjende seg brydd; uff, ikkje ber deg so jaalut daa! —
Uff; veit du ikkje at ei Dame aldri lær høgt? —
Men Fanny gjekk heim til Thorseng og gav seg i si
Hjartans Glede til aa leike og staake med Veslegut,
so ho mest sette Barnestogo aa Ende.

Naaden vart veik i Fanny no eit Bli; det var Stundir
daa ho mest trega paa at ho hadde gjevi upp Teatre.
Aa nei; det gjorde ho ikkje heller; det var greidt at
ho var sælare no, daa ho hadde Fred med Gud; det
var det høgste; det visste me; og dessutan kunde ho
ikkje naa Teatre. Fem og tjuge Kronur Maanaden rakk
ikkje til nokon Ting; Krambui sleit so mykje Klæde.
Og det som vart att, det turvte ho Mor so saart til
Huse. Ikkje um Fanny tente femti Kronur Maanaden
vilde det bli noko att. Ho Mor laut meir og meir
slutte med Saumingi, som sjølvsagt var; Gudskjelov,
at Teatre var uppgjevi. —

Daa Andersson i September kom til Kristiania att,
kunde det mest turvast. Det hjelpte au. Fanny vart
varm i Trui att; og ikkje nok med det; ho fekk jamvel
Naade til aa vitne. Det var i ei lita Heimesamling hjaa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free