- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
187

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

187

Dorthe, at ho fyrste Gongen fekk Munnen upp. Alle
dei andre vitna; det vart leidt aa sitja der og tegja
aaleine; Fanny gav seg Gud i Vald og reiste seg. Og
det gjekk godt. Ho var snart inne i Tonen; og dei
rette Ordlagi kom av sjølveseg. Det var ljuft aa
tilhöra Herran Jesus; maatte me ikkje glömma at
tacka honom for hans stora kärlek, at han hadde
reddat oss som en brand utur elden . . . Dorthe og dei
andre takka henne hjarteleg for Vitnemaale hennar; og
næste Gongen vaaga ho seg upp i den store Samlingi
med.

Her gjekk det endaa betre. Det var liksom det
spana henne upp og kveikte henne, at det var so mange
som høyrde paa. Daa Møte slutta vart ho ynskt til
Lykke av fleire av Vénine; Andersson sjølv tok henne
i Handi. Ho var uppe sidan fleire Gongir; og ho
maatte tilstaa for seg sjølv med Takk til Gud, at ho
greidde det pent; det var dei, som hadde mindre
Naade-gaavur. Ho vart aatgaadd og; ein av Brørane vilde
endeleg fylgje den kjære Systeri heim; og Andersson
sagde henne nokre venlege Ord ein Kveld; det var ei
reint framifraa Ære.

Han var her berre stutt denne Gongen. Aatte Dagar
etter han var reist fekk Fanny Brev fraa han. Ho
vart mest altfor byrg; elles var det noko rart, dette
Breve. „Älskade Fanny" — naa, det var älskade i
Herren; so kom det mykje som var vent; men rett
som det var spurde han um dei ikkje skulde „skrifva
du til hvarandradet var mest for mykje. „Skrifva du
til hvarandra ... att vi kunde korrespondera med
hvarandra om mera värdiga emnen ..." Kva i all Verdi
meinte han med det? Fanst det meir verdige Emne
enn det eine store: Frelsa i Jesus?

Di meir ho tenkte paa Breve, di rarare vart det.
Det vakna Tvil i henne; det kunde daa vel aldri vera
verdsleg Elskhüg som laag under? Kunde det vera
Raad at ikkje sjølve Andersson var til aa tru paa?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free